Erlend Skjetne: Svart skissebok

Wed Feb 11 2026 at 07:00 pm to 08:30 pm UTC+01:00

Kongens gate 2, 7011 Trondheim, Norway | Trondheim

Litteraturhuset i Trondheim
Publisher/HostLitteraturhuset i Trondheim
Erlend Skjetne: Svart skissebok
Advertisement
Erlend Skjetne har vorte møtt med strålande kritikkar for Trondheim-romanen Svart skissebok. Den 11. februar gjestar han Litteraturhuset i Trondheim.
Sør i Trondheim ligg Risvollan burettslag. Dei over elleve hundre leilegheitene utgjer det største frittståande burettslaget i Noreg. Her flytter to vaksne saman og gjer Vidar og Malin til stesysken. Svart skissebok er ein raus roman om ei handfull menneske på skuggesida. Navet er historia om Vidar og Malin og deira felles oppvekst. No er Malin forsvunnen, og Vidar treng å finne ho att. Men etter kvart som forteljinga skrid fram, får jakta på Malin ein eim av noko anna enn omsorg. Og vil no Malin eigentleg bli funnen av stebroren sin?
Svart skissebok er ein roman fylt til randa av sterke historier. Men i skildringa av ein dysfunksjonell familie prega av drukkenskap, skrik og spetakkel, finst det òg ein god del humor og varme. Skjetne tek med seg poesien inn i prosaen når han skildrar bydelen, og dei sanselege skildringane gjer sterkt inntrykk. Svart skissebok er ei kjærleikserklæring til drabantbyen og til menneska som bur der.
Vi møter forfattaren i samtale med Irmelin Kjelaas, førsteamanuensis i norskdidaktikk ved Institutt for lærarutdanning ved NTNU.
Erlend Skjetne (f. 1988) kjem frå Melhus og skriv bøker for både vaksne og ungdom. For diktsamlinga Skare (2019) vart han nominert til Tarjei Vesaas’ debutantpris. I 2021 vart Skjetne tildelt NTNUs litteraturpris og Bokhandelens forfattarstipend. For Eit anna blikk fekk han Brageprisen i klassen barne- og ungdomsbøker. For same bok vart han òg nominert til Kritikerprisen. Hans førebels siste utgjeving er romanen Svart skissebok (2025).
Tidspunkt: 11. februar 2026 kl. 19:00-20:30
Sted: Sellanraa
Billettpris: 150/100
Foto: Leikny Havik Skjærseth
Advertisement

Event Venue & Nearby Stays

Kongens gate 2, 7011 Trondheim, Norway, Kongens gate 2, 7011 Trondheim, Norge, Trondheim, Norway

Tickets
Icon
Concerts, fests, parties, meetups - all the happenings, one place.

Ask AI if this event suits you:

More Events in Trondheim

Johanne Nordby Wern\u00f8: Kaninen har st\u00e5tt opp
Tue, 10 Feb at 07:00 pm Johanne Nordby Wernø: Kaninen har stått opp

Peter Egges plass 1, 7011 Trondheim, Norway

*UTSOLGT* Kunsten \u00e5 lese Annie Ernaux
Tue, 10 Feb at 07:00 pm *UTSOLGT* Kunsten å lese Annie Ernaux

Kongens gate 2, 7011 Trondheim, Norway

Dr. Jordan B. Peterson
Tue, 10 Feb at 08:00 pm Dr. Jordan B. Peterson

Olavshallen

Valentoru 2026!
Wed, 11 Feb at 05:00 pm Valentoru 2026!

Kultursenteret ISAK

Februar-quiz
Wed, 11 Feb at 06:30 pm Februar-quiz

Smistadvegen 61, 7026 Trondheim, Norway

Bekken og Kleppen \/\/ Antikvariatet
Wed, 11 Feb at 08:00 pm Bekken og Kleppen // Antikvariatet

Antikvariatet

Standup Open Mic @Stammen
Wed, 11 Feb at 08:00 pm Standup Open Mic @Stammen

Stammen Café & Bar

Karneval: Familietorsdag p\u00e5 biblioteket
Thu, 12 Feb at 05:00 pm Karneval: Familietorsdag på biblioteket

Frostaveien 2B, 7068, Trondheim, Norway

Fagn x To Rom og Kj\u00f8kken \u2013 en kulinarisk helaften
Thu, 12 Feb at 06:00 pm Fagn x To Rom og Kjøkken – en kulinarisk helaften

Carl Johansgt. 5, 7010 Trondheim, Norway

Programslipp for Kosmorama 2026
Thu, 12 Feb at 06:00 pm Programslipp for Kosmorama 2026

Prinsens gt. 2B, 7012 Trondheim, Norway

Trondheim is Happening!

Never miss your favorite happenings again!

Explore Trondheim Events