Advertisement
FOLKEMUSIKK, NY MUSIKK OG IMPROVISASJONErlend Apneseth & Ørjan Matre – Terra Incognita (60”)
Terra Incognita er det siste av fleire samarbeid mellom hardingfele-nybrotsmannen Erlend Apneseth og komponist Ørjan Matre. Begge arbeidar i skjeringspunktet mellom innovasjon og tradisjon. Apneseth sin oppfinnsamme trio blandar lyden av norsk folkemusikk, jazz og elektronika.
På festivalen Ultima får Terra Incognita si verdspremiere og Erlend Apneseth Trio speler med BIT20 Ensemble for første gang. Her presenterer dei materiale Matre har komponert basert på lydfilar han har fått sendt frå Apneseth. Allereie kvelden etter verdspremiera reiser verket vestover til Bergen der det vert satt opp på Fana Kulturhus.
Med utgangspunkt i arkivopptak av norsk folkemusikk – blant dei «Alt forvandles til støv» - skapar Terra Incognita eit rom for oppdagingar og moglegheiter, der moderne komposisjon møtar folkemusikk og improvisasjon. Det er klart for ei unik musikalsk oppleving i ukjend terreng.
Trond Madsen – Dirigent
BIT20 Ensemble
Erlend Apneseth – Hardingfele
Øyvind Hegg-Lunde – Perkusjon, elektronikk
Stephan Meidell – Gitar, elektronikk
Dørene opnar 18.30
Konsertstart 19.00
Bilete av Oddleiv Apneseth
Advertisement
Event Venue & Nearby Stays
Fana Kulturhus, Østre Nesttunveien 20, 5221 Nesttun, Norge,Bergen, Hordaland, Norway
Tickets