Advertisement
Fjordslottet ynskjer velkommen til ein spennande kveld litt utanom det vanlege med Therese Østervold Storebø frå Feddie Ocean Distillery! Destilleriet på Fedje vart oppretta i 2018 og er ein av dei største whiskyprodusentane i Noreg, i tillegg er dei kjend for både gin og akevitt og nyttar 100 % økologiske råmaterial.
Therese er produktutviklar og destillatør og har dei siste to åra vunne Bartenders Choise Awards kategorien Imprower of the Industry. Ho kjem til oss for å dele den inspirerande historia om korleis Feddie har kome seg opp og fram i ein svært utfordrande bransje med lange tradisjoner og vil vise oss nye måtar å bruke produkta deira. Etter foredraget vert det servert eit nydeleg 5 rettars måltid med 3 tilpassa drinkar laga av Therese sjølv!
Me ynskjer velkommen til både Therese og gjestar og ser fram til spanande drinkar og gode historiar.
Etter mat og drikke opplevelsen kjem den kortreiste spelemann Kjetil Bernes og spelar opp til ein svingom💃🕺
Pris per person kr 1695,-
(masterclass, 5- rettersmeny med cocktails, dans)
https://www.fjordslottet.no/arrangementskalender/whisky-ginmakers-dinner-med-feddie-ocean-distillery-1
For reservasjon send e-post til [email protected] eller ring 56 39 50 90
Advertisement
Event Venue & Nearby Stays
Osterøyvegen 2715, 5283 Fotlandsvåg, Norway, Osterøyvegen 2711, 5283 Fotlandsvåg, Norge,Fotlandsvåg, Hordaland, Norway, Bergen