Advertisement
Historia om ein av musikkhistorias største, sjefen sjølv, Bruce "The Boss" Springsteen" kjem til det store lerretet. Filmen "Deliver me from nowhere" følger Springsteen i tida då han laga albumet Nebraska, som kom ut i 1982. Han var då ein ung musiker som forsøkte å navigere presset frå berømmelsen og samtidig håndtere skyggene frå si eiga fortid.
Me har fått tak i Magne Skålnes til å spele Springsteen denne kvelden. Han set stemninga før filmvisninga, og etter filmen blir det pubkveld i foajeen, med open bar med alle rettigheter og salg av mat.
Me rullar ut den raude løparen - så alle Springsteen-fans:
Spring - ikkje gå, til Skakke denne kvelden :)
Billettar til filmen kjem på www.skakke.no/kino snarleg
Advertisement
Event Venue & Nearby Stays
SKAKKE - senter for skule, idrett og kultur, Enge,Etne, Ølen, Norway