Eg har ikkje ord - ein musikal om Ivar Aasen // Brattvåg

Tue, 01 Apr, 2025 at 07:00 pm UTC+02:00

Ingebrigt Davik-huset | Aalesund

Teatret V\u00e5rt
Publisher/HostTeatret Vårt
Eg har ikkje ord - ein musikal om Ivar Aasen \/\/ Brattv\u00e5g
Advertisement
Kor spennande kan ein musikal om Ivar Aasen vere? Meir enn du trur! Bak ordlistene og grammatikkens strenge reglar ligg eit dramatisk livsval. For Aasen handla ikkje språkarbeidet berre om bøyingar og pronomen – men om å gi opp kjærleiken for eit større mål.
Kva verdi har det å finne eit nytt ord for «eg elskar deg» om ingen seier det til deg? Kva er vitsen med å finne eit nytt ord for kjærleik, dersom du ikkje har nokon å gje kjærleik til?
Som ung tjueåring blei Ivar Aasen forelska og forlova seg, men han vart rådd til å gi slepp på kjærleiken for å vie seg til språkarbeidet. Det valet skulle forme resten av livet hans. Han enda opp einsam i ein sliten leilegheit i Christiania – rik på pengar, men fattig på kjærleik.
I musikalen blir Aasens indre kamp og personlege tap levande for publikum. Musikken er inspirert av den store Great American Songbook-tradisjonen og byr på både kraftfulle songar og nære, sårbare scener der Aasens indre kamp kjem til syne. Med ein dynamikk som vekslar mellom song, dans og sterke følelsar, vert publikum trekt inn i både dei store scenene fulle av energi og dei personlege møta der lengsel, kjærleik og offeret kjem tett på.
I ei tid der «ta vare på deg sjølv først» er mantraet, utfordrar denne musikalen den moderne tanken. Kva er eigentleg viktigast – å realisere seg sjølv eller å ofre noko for andre? Med humor og tragedie vevd saman utforskar framsyninga korleis Aasen vann kongeriket, men betalte med si eiga lukke.
Velkomen til ein musikal om å satse alt, vinne fram, men bomme på det viktigaste.
Advertisement

Event Venue & Nearby Stays

Ingebrigt Davik-huset, Bernt Hildre vegen 2, 6270 Brattvåg, Norge,Brattvåg, Aalesund, Norway

Tickets

Sharing is Caring:

More Events in Aalesund

Eg har ikkje ord - ein musikal om Ivar Aasen \/\/ Fosnav\u00e5g
Wed, 02 Apr, 2025 at 07:00 pm Eg har ikkje ord - ein musikal om Ivar Aasen // Fosnavåg

Fosnavåg konserthus

Eg har ikkje ord - ein musikal om Ivar Aasen \/\/ Ulsteinvik
Thu, 03 Apr, 2025 at 07:00 pm Eg har ikkje ord - ein musikal om Ivar Aasen // Ulsteinvik

Sjøborg kulturhus og kino

Aalesund Gospelkor og Samuel Ljungblahd
Thu, 03 Apr, 2025 at 07:30 pm Aalesund Gospelkor og Samuel Ljungblahd

Gomerhuset

UKM Ulstein 2025\ud83e\udd73
Fri, 04 Apr, 2025 at 06:00 pm UKM Ulstein 2025🥳

Sjøborg kulturhus og kino

Cascada @ Terminalen Alesund in \u00c5lesund
Fri, 04 Apr, 2025 at 09:00 pm Cascada @ Terminalen Alesund in Ålesund

Terminalen Alesund

Jonas Alaska \/\/ DIS
Sat, 05 Apr, 2025 at 07:00 pm Jonas Alaska // DIS

Skulevegen 11B, 6230 Sykkylven, Norway

Aalesund is Happening!

Never miss your favorite happenings again!

Explore Aalesund Events