Advertisement
Berit Opheim, Karl Seglem, Nils Økland, Sigbjørn ApelandDraumkvedet, vår mest kjende middelalderballade, er ein ekte januarklassikar og ein tradisjon for mange musikkelskarar. Ein av våre fremste folkesongarar, Berit Opheim har arbeidd med Draumkvedet i heile sitt kunstnarliv og framført det tallause gonger. Slik ingen andre kan, formidlar ho historia om Olav Åsteson som sovnar julaftan og vaknar opp 13. dag jul.
I nyrestaurerte Korskirken i Bergen, tolkar Berit Opheim det store visjonsdiktet saman med tre av sine beste musikarvener, Karl Seglem, Nils Økland og Sigbjørn Apeland, som alle er kjende for å søkje nye uttrykk og utfordre det etablerte. Draumkvedet i januar med Berit Opheim og desse tre fantastiske musikarar i ryggen, er ei oppleving å ta med seg enten du skal møte balladen om Olav Åsteson for første gong eller har det som ei årleg hending. Utgangspunktet for konserten er cd-utgjevinga Opheim/Seglem gjorde i 2009, der den kjende middelalderballaden står fram som eit eineståande musikalsk visjonsdikt.
«Varmen og klangfullheten i stemmen og hennes vare lydhørhet for balladens stemningsrikdom er med på å dra deg inn i fortellingens dype alvor. Hennes vokale grep er totalt. Hun er den fremste i sin kunstform, og viser igjen sitt mesterskap» – Aftenposten
BERIT OPHEIM vokal KARL SEGLEM bukkehorn, elektronikk NILS ØKLAND hardingfele SIGBJØRN APELAND trøorgel
Om Draumkvedet: Vi møter draumane og visjonane til Olav Åsteson. Han fall i svevn julaftan, og vakna 13. dag jul. I draumane vandra han gjennom dødsriket og såg syndarane få si straff. Draumkvedet handlar likevel ikkje berre om himmel og helvete. Olav Åsteson si vandring handlar om det å bli eit heilt menneske, og dei sterke, skakande og styggvakre draumane rommar det meste av det eit lite menneskeliv kan drøyma om og lengte etter.
Draumkvedet vart nedskrive av Jørgen Moe og M.B. Landstad midt på 1800-talet og har ei særeiga stilling i norsk og nordisk folkedikting. Dette visjonsdiktet fasinerer, utfordrar og provoserer, og er den mest sentrale og viktigaste middelalderballaden vi kjenner til.
19:00 - Dører
19:30 - Konsertstart
Sesongkort, medlemskap og billfaetter for våren 2026 er i salg nå: www.bergenjazzforum.no
Advertisement
Event Venue & Nearby Stays
Nedre Korskirkeallmenningen, 5017 Bergen, Norge, Nedre Korskirkeallmenningen 3A, 5017 Bergen, Norge, Bergen, Norway
Tickets
Concerts, fests, parties, meetups - all the happenings, one place.











