Advertisement
Onsdag 11.februar kjem Benjamin Ward, kjent frå NRK serien « Der ingen skulle tru at nokon kunne bu» til Grendahuset Ljosheim. Frå London til Kroken – Høyr historia om Ben, som skapa eit nytt liv på ein veglaus fjellgard i Sogn.
Ben gjekk frå sitt gamle liv i England for å jage ein draum, men utfordringane sto i kø. kvar stein, kvar stokk og kvar storm sette ham på prøve, både fysisk og mentalt. Han trudde at han skulle sette garden i stand – men det var han sjølv som trengte reparasjon.
Vegen har blitt rydda gong på gong, garden er restaurert og nye hus bygde. Kroken er eit bevis på at alt er mogleg når du nektar å gje opp. Nokon draumar er verdt å kjempe for – eit liv vekke frå byen og i pakt med naturen kan bli til verkelegheit.
Foredraget er på Engelsk.
Foredraget er arrangert gjennom Folkeakademiet Hordaland
Sal av kaffi og kringle.
Inngang kr 200,- betalast i døra med vipps.
Advertisement
Event Venue & Nearby Stays
Eksingedalsvegen 1080, 5728, Eksingedalsvegen 1080, 5728 Vaksdal, Norge, Voss, Norway
Concerts, fests, parties, meetups - all the happenings, one place.







