DNT Unge Vaksne: Oppstartstur med bålkos!

Thu Jan 22 2026 at 05:00 pm to 08:00 pm UTC+01:00

Tre Brør Kaffi & Vin | Voss

DNT Unge Vaksne Voss
Publisher/HostDNT Unge Vaksne Voss
DNT Unge Vaksne: Oppstartstur med b\u00e5lkos!
Advertisement
Bli med på den aller første turen med DNT Unge Voksne Voss!
Dette er ein sosial og lågterskel oppstartstur – perfekt for deg som er nysgjerrig på friluftsliv, ønskjer å møte nye folk og vil høyre meir om den nyoppstarta gruppa vår.
Turen går frå kontora til Voss Utferdslag/ Tre Brør og vidare til gapahuken bak Gjernes skule. Turen er lett og passar for alle, med ein avstand på ca. 2 km kvar veg. Vi reknar med å bruke rundt 45 minutt i roleg tempo kvar veg. Ved gapahuken fyrer vi opp bål og kosar oss saman. Det blir laga og servert suppe, og vi stiller med pinnebrøddeig.
Hugs å ta med eiga skål/kopp og skei til suppa, samt kniv eller anna utstyr om du vil spikke pinne til pinnebrød. Ta gjerne med litt ekstra mat eller drikke om du ønskjer det.
Dette er ein uformell og triveleg tur der fokuset er på hygge, fellesskap og å bli kjent. Enten du er erfaren turgåar eller heilt fersk, er du hjarteleg velkomen. Vi håpar å sjå mange trivelege folk – bli med på ein fin start på DNT Unge Voksne Voss!
𝐎𝐩𝐩𝐦ø𝐭𝐞:
Utanfor bakre inngang av Tre Brør kl. 17 den 22 januar.
𝐓𝐚 𝐦𝐞𝐝:
Varme klede (etter vêr)
Sitteunderlag
Kopp/skål og skei til suppe
Kniv eller anna eigna reiskap om du vil spikke pinne til pinnebrød
Eventuelt litt eigen drikke eller ekstra mat.
𝐓𝐮𝐫𝐥𝐞𝐢𝐚𝐫:
Elise Stordahl, [email protected], 47149147
Olav Brekke, [email protected], 41396486
Dette arrangementet er gratis og krevar ingen påmelding. Du treng ikkje å vera medlem for å delta.
Advertisement

Event Venue & Nearby Stays

Tre Brør Kaffi & Vin, Vangsgata 28,Voss, Norway

Icon
Concerts, fests, parties, meetups - all the happenings, one place.

Ask AI if this event suits you:

More Events in Voss

LARS SAABYE CHRISTENSEN OG HELGE IBERG  \u00abThe Nowhere Men\u00bb
Wed, 21 Jan at 07:00 pm LARS SAABYE CHRISTENSEN OG HELGE IBERG «The Nowhere Men»

Skurdalsvegen 22, 3580 Geilo, Norway

F\u00f8redrag: Seilas til \u00d8st-Gr\u00f8nland, et fremmed land
Thu, 22 Jan at 06:00 pm Føredrag: Seilas til Øst-Grønland, et fremmed land

Hardanger fartøyvernsenter

Bygdedans i Ljosheim ! \ud83e\ude97
Thu, 22 Jan at 06:00 pm Bygdedans i Ljosheim ! 🪗

Lærdalsvegen 1387, Laerdal

Fotobonden: Ein berrf\u00f8tt dans p\u00e5 tornebuskar og raude roser
Thu, 22 Jan at 07:00 pm Fotobonden: Ein berrføtt dans på tornebuskar og raude roser

Vangsgata 28, Hålandshuset, 5700 Voss, Norway

Geiloseminaret 2026
Fri, 23 Jan at 12:00 pm Geiloseminaret 2026

Geilo Hotel

SnowJam
Fri, 23 Jan at 02:00 pm SnowJam

Hardangervidda 53, 3595

\u2744\ufe0fFREE Cabin Trip with SAIH Bergen
Fri, 23 Jan at 04:30 pm ❄️FREE Cabin Trip with SAIH Bergen

Kvamskogen

Voss is Happening!

Never miss your favorite happenings again!

Explore Voss Events