Djønne, Børsheim og Lillegraven

Thu, 21 Aug, 2025 at 06:00 pm UTC+02:00

Opedalsvegen 10 | Voss

Opedalstunet
Publisher/HostOpedalstunet
Dj\u00f8nne, B\u00f8rsheim og Lillegraven
Advertisement
SPOR Ein litterær konsert med Ruth Lillegraven og duoen Djønne&Børsheim
SPOR tek utgangspunkt i Ruth Lillegraven sine dikt og tekstar, til musikk av og med folkemusikarane Annlaug Børsheim på gitar, hardingfeler og vokal og Rannveig Djønne på toradar. Desse tre hardingane følgjer ulike musikalske og litterære spor i denne konserten, og det er liten tvil om kvar dei kjem i frå.
Duoen Djønne&Børsheim har i fleire år samarbeida med Ruth Lillegraven og tonesatt tekstar av henne. Dei laga musikkteateret HUSMANN til husmannsplassen Kvemmadokkje i Ulvik i 2019. Urframføringa samla 800 menneske, og det var ein kveld dei seint kjem til å gløyme.
I 2023 kom plata «Skyer av Perlemor» som i hovudsak inneheld tekstar av Ruth Lillegraven henta frå bøkene hennar «Urd» og «Sigd», tonesatt av duoen Djønne&Børsheim.
SPOR var ei bestilling til festivalen Langs Linjo på Voss i 2024 og det var fyrste gong dei tre damene stod på scena i lag. I vår framførte dei «Spor» i Ulvik og på Josefines Visescene i Oslo, og no står aust – og vestsida av Ullensvang for tur. I Opedalstunet på Lofthus held trioen to førestillingar. Ei kl. 1800 og ei kl. 2000. Det vert sal av forfriskningar før konserten.
Henta frå platemelding i bladet Folkemusikk: På Skyer av Perlemor får songane skine klårt, Ruth Lillegraven sine ord levert gjennom tonar med ei trygg ro frå duoen. Legg merke til Lillegraven sine tekstar, legg merke til nyansane i spelet og songen til dei to.
Melding frå musikkteateret «Husmann»; Musikken er verkeleg i ein eigen divisjon. Annlaug Børsheim si kraftige, men inderlege røyst kan framkalla tårer hjå sjølv den mest hardhuda bonde. Saman med toradarspelet til Rannveig Djønne vart dette rein magi. -Stine Strand Carlsen, Avisa Hordaland.

Billettsal på førehand og «i døra»:
Vaksen kr. 250 (+ billettavgift ved kjøp på førehand)
Born under 16 år kr. 125 (+ billettavgift ved kjøp på førehand
Billettar til konserten kl. 1800:
https://rannveig.hoopla.no/event/160898672
Billettar til konserten kl. 2000: https://rannveig.hoopla.no/event/994146203

Foto av Ruth: Paal Audestad. Foto av Annlaug og Rannveig: Elisabeth Emmerhoff
Advertisement

Event Venue & Nearby Stays

Opedalsvegen 10, Opedalsvegen 10, 5781 Lofthus, Norge, Voss, Norway

Tickets

Sharing is Caring:

More Events in Voss

Yt&Nyt treningsweekend
Fri, 22 Aug at 02:00 pm Yt&Nyt treningsweekend

Thon Hotel Sandven

ARRANG\u00d8RLAUGET 2025\/\/ Voss kulturhus
Fri, 22 Aug at 05:30 pm ARRANGØRLAUGET 2025// Voss kulturhus

Evangervegen 6, 5700 Vossavangen, Norway

Pop-up Mikrofon p\u00e5 kulturhuset!
Fri, 22 Aug at 08:00 pm Pop-up Mikrofon på kulturhuset!

Voss kulturhus

Overnattingstur: Grindaflet - Vindeggi - Langhuso
Sat, 23 Aug at 08:10 am Overnattingstur: Grindaflet - Vindeggi - Langhuso

Voss Stasjon

Voss is Happening!

Never miss your favorite happenings again!

Explore Voss Events