Desemberstemninger

Fri Nov 28 2025 at 06:00 pm to 08:30 pm UTC+01:00

Fosnavåg konserthus | Aalesund

Fosnav\u00e5g konserthus
Publisher/HostFosnavåg konserthus
Desemberstemninger
Advertisement
Ole Edvard Antonsen sin førjulsturné ”Desemberstemninger” blir av mange omtala som den ultimate julekonserten!
Ole Edvard Antonsen med sitt eminente trompetspel, vil saman med gjestevokalistane Stine Hole Ulla og Espen Grjotheim definitivt skape store musikalske opplevingar og stemningar, og høgdepunktene vil nærast stå i kø når desse tre solistane inntek scena.
Fjorårets turné med same gjengen blei ein gigantisk suksess og tilbakemeldingane frå publikummarar som har vore på tidlegare konsertar meinte dette var den beste utgåva av Desemberstemninger så langt i deira 17-årige historie.
I tillegg til desse fantastiske artistane har «Desemberstemninger» med seg eit superlag av eit band anført av keyboardisten Trond Lien som m.a. i en årrekkje har vore kapellmeister i NRK-programmet «Beat for Beat», Tom Erik Antonsen på bass kjend fra uteljelege TV- og CD-produksjonar, samt Per Hillestad på trommer og perkusjon, tidlegare bandmedlem i Lava og A-ha for å nemne nokre.
Espen Grjotheim: Norges største musikal-artist med den fantastiske stemma som har bekledd roller i Mamma Mia, Phantom of the Opera, Chess og Miss Saigon for å nemne nokre. Han er kjend frå ei rekkje scene- og tv-produksjonar i inn- og utland, stemma i Disney-filmar og vokalist i bandet Secret Garden der han medverkar på innspelingar og turnéar nasjonalt og internasjonalt.
Stine Hole Ulla: Vår songstjerne som har vore ein del av Desemberstemninger i fleire år. Ho har dei siste åra gjort stor suksess som solist under Norsk Militær Tattoo, turnért med Elisabeth Andreassen og ei rekkje event rundt om i Norge. Stine vann Norske Talenter i 2012.
Ole Edvard Antonsen: Ein av verdas leiande trompetsolistar med ei imponerende liste over suksessar i inn- og utland. Han har spelt i over 40 land på store scener som Carnegie Hall NY, Musikverein in Vienna, Sydney Opera House, Suntory Hall Tokyo for å neven nokre.
Velkomen til julekonsert!
Advertisement

Event Venue & Nearby Stays

Fosnavåg konserthus, Fosnavaag Ocean Academy, 6090 Fosnavåg, Norge, Aalesund, Norway

Tickets

Sharing is Caring:

More Events in Aalesund

KYSTPERLER - En juleutstilling av v\u00e5re lokale kunstnere
Sat, 29 Nov at 02:00 pm KYSTPERLER - En juleutstilling av våre lokale kunstnere

Alnes Fyr og opplevelsessenter

Julekonsert fr\u00e5 Kulturkirken Jakob
Fri, 05 Dec at 07:00 pm Julekonsert frå Kulturkirken Jakob

Sjøborg kulturhus og kino

Christmas with Nordic Tenors \/\/ FOSNAV\u00c5G
Fri, 05 Dec at 08:00 pm Christmas with Nordic Tenors // FOSNAVÅG

Fosnavåg konserthus

Alnes Julemesse 2025
Sat, 06 Dec at 12:00 pm Alnes Julemesse 2025

Alnes Fyr og opplevelsessenter

Emil Solli-Tangen "Midnatt" \/\/ Langev\u00e5g Kirke
Sun, 07 Dec at 06:00 pm Emil Solli-Tangen "Midnatt" // Langevåg Kirke

Langevåg Kirke

Aalesund is Happening!

Never miss your favorite happenings again!

Explore Aalesund Events