Advertisement
Scenekunstnarane Hanne Oline Mellingen og Oda Alisøy har omskapt bøkene til forteljarteater som høver aldergruppa 3-5 år. Kanskje vert dette det fyrste møtet med teateret som kunstform og Frosken og venene? Billettane er gratis, men du må ha billett og max 2 stk per kunde.Vert spelt i Skifte, 3. høgda.
Om framsyninga:
Frosken kjenner seg så rar. Han er ør og varm og det seier dunk, dunk inni bringa hans. Kva er det som er i vegen? Kvar gong han møter den søte, kvite anda vert det berre verre. Er han kanskje vorte forelska? - det går ikkje an! Sa grisen. - ei and og ein frosk kan ikkje vera forelska i kvarandre. Ho er kvit og du er grøn. Men dette ville ikkje frosken bry seg noko om. Forfattar og teiknar Max Velthuijs (1923-2015) skreiv Frosken-bøkene på slutten av 1980- og byrjinga av 1990-talet. Bøkene skildrar kjensler og vennskap gjennom vakre illustrasjonar på ein måte som born forstår. Frosken- og venene har vore ein del av bokhylla til mange born av 1990- talet og jammen held dei seg framleis, slik at også neste generasjon kan få gleda av dei. Scenekunstnarane Hanne Oline Mellingen og Oda Alisøy har omskapt bøkene til forteljarteater som høver aldergruppa 3-5 år. Kanskje vert dette det fyrste møtet med teateret som kunstform og Frosken og venene?
Av: Max Velthuijs
Med: Oda Alisøy og Hanne Mellingen
Idé og konsept: Frøydis Århus og Oda Alisøy
Illustrasjon © Max Velthuijs
“Den forelska frosken” er ein del av festivalprogrammet til Regnbuedagene, under Bergen Pride.
Advertisement
Event Venue & Nearby Stays
Det Vestnorske Teateret, LOGEN: Øvre Ole Bulls plass 6, Bergen, Norway
Tickets