Dahliakveld

Thu Mar 05 2026 at 06:00 pm to 08:00 pm UTC+01:00

Dalsøyra Samfunnshus | Bergen

Gulen Gartneri
Publisher/HostGulen Gartneri
Dahliakveld
Advertisement
Me startar hagesesongen 2026 med ein kveld i dahliaens teikn!
Lær meir om historia til denne planta som har blitt enormt populær dei siste åra, få tips og råd om dyrking og stell, og kjøp knollar og stiklingar av fleire vakre og uvanlige sorter som me har for salg.
Del 1: Dahliaens kulturhistorie – ei reise i tid og rom
Eit keiserrikes undergang, eit glemt manuskript i Vatikanbiblioteket, ei opprørsk engelsk adelskvinne, ei stormande kjærleikshistorie, rivaliserande botanikarar og skyhøge dusørar – dette er berre noko av det me skal få høyre om mens me følgjer dahliaens ferd inn i hagane våre.
Kort kaffipause
Del 2: Dyrking og stell
Me går heile vegen frå å vekke opp knollane om våren, til driving og utplanting, stell gjennom sesongen samt oppgraving og lagring av knollane om haust og vinter. Me ser også litt på bruk av blomane i dekorasjonar og bukettar.
Kort presentasjon av ulike sortar me har for salg. Dette er sortar me sjølve skal ha i vår egen drift, det er hovudsakeleg høge sortar som er egna som snittblomar. Det blir både knollar og stiklingar/småplanter til sals. Alt er dyrka fram hos Gulen Gartneri.
Mulighet for å handle til slutt.
Arrangørar:
Elisa Kolle har hovudfag i kulturvitskap og interesserer seg spesielt for plantenes kulturhistorie. Har jobba mykje innan formidling og undervisning, sidan 2018 har ho drive Dalahagen der ho produserer snittblomster for salg.
Grete Overdevest er gartnar og driv familiebedrifta Gulen Gartneri, som produserer både grønsaker, honning, blomar og pyntegrønt til vinterens kransar og dekorasjonar.

Arrangementet passar for hageglade i alle aldre, men
billettar må kjøpast på forhånd. Klikk på billettlink under.
Sidan Elisa kjem "langveisfra", må me ha solgt minst 20 plassar innan 1.mars for at arrangementet skal kunne gjennomførast. (Ved eventuell avlysing får ein sjølvsagt tilbakebetalt inngangsbilletten.)
Advertisement

Event Venue

Dalsøyra Samfunnshus, Dalsbygda 68, 5960 Gulen, Norge, Bergen, Norway

Tickets

Icon
Concerts, fests, parties, meetups - all the happenings, one place.

Ask AI if this event suits you:

More Events in Bergen

Dylan p\u00e5 norsk
Wed, 04 Mar at 09:00 pm Dylan på norsk

Det Vestnorske Teateret

Sportskonferansen 26
Thu, 05 Mar at 09:30 am Sportskonferansen 26

Lars Hilles gate 30, 5008 Bergen, Norway

Vurderingsdag \u2013 Klokker \u2013 Bergen
Thu, 05 Mar at 11:00 am Vurderingsdag – Klokker – Bergen

Møllendalsveien 15, 5009 Bergen, Norge

Fagkritisk dag 2026
Thu, 05 Mar at 11:00 am Fagkritisk dag 2026

Auditorium 1, BB-bygget

KLUBBKVELD TORSDAG MED STAND UP BERGEN
Thu, 05 Mar at 03:00 pm KLUBBKVELD TORSDAG MED STAND UP BERGEN

Lille Ole Bull

Jon Ranes - Verdens Beste Turn\u00e9 \/\/ USF Verftet
Thu, 05 Mar at 07:00 pm Jon Ranes - Verdens Beste Turné // USF Verftet

USF Verftet

THE HEIST \u2013 Separatutstilling - Shygirl - Grieghallen
Thu, 05 Mar at 07:00 pm THE HEIST – Separatutstilling - Shygirl - Grieghallen

Grieghallen Bergen

S\u00f8m & bobler
Thu, 05 Mar at 07:00 pm Søm & bobler

Lystgården

Erlend Osnes \u2013 Fermentert \/\/ Oseana
Thu, 05 Mar at 07:00 pm Erlend Osnes – Fermentert // Oseana

Mobergsbakken 20, 5200 Osøyro, Norway

HF-Revyen 2026 - Neste Stopp: Bergen?
Thu, 05 Mar at 07:00 pm HF-Revyen 2026 - Neste Stopp: Bergen?

Det Akademiske Kvarter

ELLE MAIJA \/\/ BERGEN REALISTFORENING \/\/ KVARTERET
Thu, 05 Mar at 07:30 pm ELLE MAIJA // BERGEN REALISTFORENING // KVARTERET

Olav kyrres gate 49, 5015 Bergen, Norway

Bergen is Happening!

Never miss your favorite happenings again!

Explore Bergen Events