Advertisement
Tyche kjem til universitetsbiblioteket for å spele eigenkomponert musikk og standardlåter. I tillegg tar dei utfordringa til biblioteket og spelar Nirvana-klassikaren, “Smells Like Teen Spirit”. Det vil du ikkje gå glipp av! 🎶Tyche består av:
Erlend Johannessen: Piano
Andreas Zwartjes: El-bass
Magnus Schjølset Solberg: Trommer
🎺🎹🎵 Bøker & Beats konseptet 🎵🎷🎸
På Bøker & Beats får du ein smakebit på livet i Bjergsted med jazz, klassisk musikk, samtidsdans og andre utøvande kunstretninger. I tillegg til å opptre vil studentane fortelje litt om fagfeltet sitt.
Fakultet for utøvande kunstfag i Bjergsted utdannar morgondagens dansarar og musikarar. Studentane i Bjergsted er kjende for å øve mykje og levere kunstopplevingar av høgaste kvalitet.
Advertisement
Event Venue & Nearby Stays
Universitetsbiblioteket i Stavanger, Stavanger, Norway