Advertisement
Fredag 4. april får Jårheim storfint besøk av spellemennene Øystein Rudi frå Sør-Fron (fele) og hølondingen Ronny Kjøsen (mange instrument, mest trekkspel), og songfuglen Marit Løfaldli frå Rindal. Det blir ein kveld med musikk og forteljing om korleis kultur, song og musikk kan bidra til bygdeutvikling. Øystein vil fortelje om korleis Gudbrandsdalen har vorte utvikla til eit skatta reisemål for dei som vil oppleva musikk og teater, lokal mat og tradisjonell byggeskikk i eit ikonisk kulturlandskap. Vi har invitert ordførarane og varaordførarane i Gauldalen, frå Melhus til Røros, til å svare på spørsmål som: Korleis søkje gammalt for å skape nytt?
Kvifor må noko forandrast, dersom ikkje alt skal forandrast.
Korleis dra i lag og gjera kvarandre gode?
Kan Gauldalen og Gudbrandsdalen lære av kvarandre når det gjeld samspelet mellom kultur og reiseliv?
Det blir kaffe og noko å bite ti.
Advertisement
Event Venue & Nearby Stays
Jårheim, Lufallsvegen 28, 7212 Korsvegen, Norge,Melhus, Trondheim, Norway