Advertisement
Holly Choe, dirigentMarianne Beate Kielland, mezzosopran
Frank Kjosås og Thea Lambrechts Vaulen, skodespelar
Albert Schnelzer: Burn my letters – Remembering Clara
Clara Schumann: Songar /arr: David Rahbee
Liebesfrühlingslieder (Fr. Rückert):
Liebst du um Schönheit?
Warum willst du andre fragen?
Sechs Lieder Op. 13 (H. Heine)
Ihr Bildnis (Ich stand in dunkeln Träumen)
Lorelei
Robert Schumann: Symfoni nr. 4
Holly Choe er den nye sjefdirigenten i Kork frå 2026. Kork er spente og glade og ser fram til store opplevingar og spanande musikalske prosjekt frå ein boblande kreativ dirigent. Holly Choe er blant dei verkeleg ettertrakta unge dirigentane i verda i dag, men ho rekk ein snartur innom Store studio på førehand. Her set ho fokus på kanskje det mest kjende ekteparet i den klassiske musikkhistoria: Clara og Robert Schumann.
Dei to gifta seg i 1839 (Ho 20 år, han 29) etter ei lang strid med faren til Clara, og dei hadde eit intenst og til tider turbulent forhold. Clara var berømt som ein av Europas største pianistar og Robert, ikkje like berømt, hadde si stigande karriere som komponist. Samstundes måtte Clara ta ansvar for ei til tider psykisk ustabil ektemann i tillegg til at ho fødde åtte barn.
Men fyrst og fremst var Clara og Robert åndsfrendar. Dei støtta kvarandre og studerte musikk saman, og dei komponerte jamvel ei samling songar saman. To av songane frå «Kjærleiksvår-songane» blir saman med to andre songar å høyra i eit orkesterarrangement. Og få eller ingen av komposisjonane til Robert kom til utan at kona hadde fått si meininga si undervegs i prosessen, heller ikkje Symfoni nr. 4 (skrive før dei andre symfoniane i 1841, men revidert seinare). Symfoniane til Schumann har ein fortsett stigande anerkjenning som meisterverk og arvtakarar til de ni av Beethoven.
På Robert og Claras tid skreiv dei brev -mange brev. Dei om lag 20.000 breva mellom dei to fortel oss mykje om forholdet deira, men i tillegg skreiv dei ei felles dagbok, kor dei skreiv ned tankane sine etter tur. Kork toppar laget med å la to av våre fremste skodespelarar Thea Lambrechts Vaulen og Frank Kjosås vere Clara og Robert og lese frå den nære og personlege dagboka.
Etter at ein Robert døde psykisk sjuk på asyl i 1856, blei forholdet til den yngre komponisten Johannes Brahms nærare og meir tvitydig, noko som og kjem til uttrykk i ein utstrekt brevveksling. Når dei til slutt returnerer breva til kvarandre, brenn Clara breva frå Johannes. Den undertrykte kjærleikshistoria mellom dei to har oppteke både musikkforskarar og musikarar sidan. Den svenske komponisten Albert Schnelzer har og latt seg inspirere av historia og breva som enno finst. Det er som ein høyrer lengten, tvilen og sorga, men og venleiken og varmen i ein unik venskap i verket Burn my letters.
Advertisement
Event Venue & Nearby Stays
NRK Store Studio, Bjørnstjerne Bjørnsons plass 1,Oslo, Norway
Tickets