Brørne Løvehjarte | Fjalerhallen

Sat Dec 13 2025 at 06:00 pm to 07:50 pm UTC+01:00

Dale I Sunnfjord | Førde

Teater Vestland
Publisher/HostTeater Vestland
Br\u00f8rne L\u00f8vehjarte | Fjalerhallen
Advertisement
– Rørande og spennande familieframsyning om søskenkjærleik på tvers av stjernene – og om å finne motet i seg sjølv!
Astrid Lindgren sin klassikar om brørne Løvehjarte har trollbunde generasjonar av lesarar sidan den kom ut i 1973. Vakrare og klokare skildring av søskenkjærleik og barns møte med døden finst knapt.
Historia handler om brørne Jonatan og Karl – eller Kavring som han også blir kalla. Dei er veldig glade i kvarandre, men Kavring har ein alvorleg sjukdom, og brørne veit at han kjem til å døy. Jonatan fortel at døden ikkje er farleg, for når ein døyr, så kjem ein til Nangijala – til eventyra og leirbålas rike på den andre siden av stjernene. Men Kavring er redd for å reise dit åleine.
Og det slepp han.
For Jonatan dreg i forvegen til Nangijala. Og der skal dei to bu saman i Kirsebærdalen, i eit koselig, lite hus, og dei skal symje i elva og fiske ørret og ha kvar sin flotte hest som dei kan galoppere rundt på. Men alt er ikkje berre idyll i Nangijala heller. Den onde Tengel har kasta ein skugge over landet og trugar fridommen til folk. Brørne må kjempe saman for det gode, og Kavring må overvinne frykten og finne motet i seg sjølv. Det er lettare sagt enn gjort når Tengil har ein ildsprutande drage, men som Kavring seier: «Nokre ting må ein berre gjere. Elles er ein ikkje eit menneske, berre ein liten lort!»
I Miriam Prestøy Lie sin regi lagar vi ei rørande og spennande familieframsyning av denne vakre klassikaren. «Brørne Løvehjarte» er eit samarbeid mellom Teater Vestland og Den Nationale Scene. Prestøy Lie har tidlegare hatt stor suksess med barneframsyningar som «Tordivelen flyg i skumringa» på Det Vestnorske Teateret og «Jenta med fyrstikkene» på Teater Vestland.
Kunstnarleg lag
Av Astrid Lindgren
Omarbeidd av Toril Solvang
Regissør Miriam Prestøy Lie
Skodespelarar Idun Losnegård, Kyrre Eikås Ottersen, m.fl.
Teaterforlag: Nordiska ApS – www.nordiska.dk
Brørne Løvehjarte er produsert i samarbeid med Den Nationale Scene
Advertisement

Event Venue & Nearby Stays

Dale I Sunnfjord, Dalstunet 6B, 6963 Dale, Norge, Førde, Norway

Tickets
Icon
Concerts, fests, parties, meetups - all the happenings, one place.

Ask AI if this event suits you:

More Events in Førde

STANDUPSHOW \/\/  "SVIGERMORS DR\u00d8MMETRIO" \/\/ FREDAG 12\/12-25
Fri, 12 Dec at 06:00 pm STANDUPSHOW // "SVIGERMORS DRØMMETRIO" // FREDAG 12/12-25

Storehagen 2, 6800 Fords, Norway

Kjartan Lauritzen i Balestrand
Fri, 12 Dec at 06:00 pm Kjartan Lauritzen i Balestrand

Kviknevegen 8, 6899 Balestrand, Norge

Julesong 2025 \/\/ Sogndal Kulturhus
Fri, 12 Dec at 08:00 pm Julesong 2025 // Sogndal Kulturhus

Hovevegen 2, 6856 Sogndal, Norway

Jul i F\u00f8rdehuset 13.12.2025
Sat, 13 Dec at 10:00 am Jul i Førdehuset 13.12.2025

Førdehuset

Kulturspiren
Sat, 13 Dec at 10:00 am Kulturspiren

Hovevegen 2, 6856 Sogndal, Norway

Julesong 2025 \/\/ Sogndal Kulturhus
Sat, 13 Dec at 07:30 pm Julesong 2025 // Sogndal Kulturhus

Hovevegen 2, 6856 Sogndal, Norway

SUNNFJORD ROCKER JULEN INN M\/ MADCON & GLIMMER \/\/ LAURDAG 13\/12-25
Sat, 13 Dec at 08:30 pm SUNNFJORD ROCKER JULEN INN M/ MADCON & GLIMMER // LAURDAG 13/12-25

Storehagen 2, 6800 Fords, Norway

Nissemarsj p\u00e5 R\u00f8vhaugane
Sun, 14 Dec at 11:30 am Nissemarsj på Røvhaugane

Røvhaugane

Julekonsert med Line Dybedal
Sun, 14 Dec at 06:00 pm Julekonsert med Line Dybedal

Hyllestad kyrkje

Julekalender Live Konsert 2 (5 \u00e5rs Jubileum)
Sun, 14 Dec at 07:00 pm Julekalender Live Konsert 2 (5 års Jubileum)

Fjordgata 5, 6900 Florø, Norway

Julekonsert i H\u00f8yanger kyrkje med Julesong
Wed, 17 Dec at 06:00 pm Julekonsert i Høyanger kyrkje med Julesong

Kyrkja i Høyanger

Førde is Happening!

Never miss your favorite happenings again!

Explore Førde Events