Bokpresentasjon: Norsk Flora

Wed Nov 30 2022 at 06:00 pm

Nynorskens hus | Oslo

Vennelaget Samlagsrota
Publisher/HostVennelaget Samlagsrota
Bokpresentasjon: Norsk Flora
Advertisement
På grunn av stor interesse for arrangementet, er det mogleg å strøyme direkte i kveld kl. 18.00. Sjå sendinga her: https://jus-no.zoom.us/j/69902604090

Norsk flora – «Noregs Nasjonale Flora» – er her igjen!
Det Norske Samlaget lanserer ny utgåve.
Møt forfattarar og teiknarar med professor Reidar Elven i spissen i samtale med biolog Jan Ingar Båtvik.
30. november 2022 kl. 1800–2000 i Teatersalen på Nynorskens hus (ved Bondeheimen) i Rosenkrantz’ gate 8 i Oslo
Plantene er livsgrunnlaget vårt på jorda. For å kunne ta vare på dei som ein grunnleggjande del av naturen må vi kjenne til artane og vite korleis vi kan skilje dei frå kvarandre. Til denne naturforvaltinga er ein flora, eit oppslagsverk med oversyn over og omtale av planteartane i eit område, den viktigaste reiskapen vi har. Særleg dei ville norske plantene er beskrivne i det botaniske meisterverket Norsk flora av Johannes Lid (1886–1971) med teikningar av Dagny Tande Lid (1903–1998). Blomsterteikningane har vore eit særmerke for floraen. No ligg floraen føre i åttande utgåva utarbeidd av eit forfattarkollegium og teiknarar leidd av Reidar Elven på Naturhistorisk museum ved Universitetet i Oslo. Sidan femte utgåva i 1985 har Elven utvikla floraen til sjølve bibelen for botanikarar.
Førsteutgåva av Norsk flora kom i 1944. Sidan har det kome seks utgåver til, og den åttande utgåva ligg no føre. Dei sju første utgåvene har alle fått omtale i det fremste norske botaniske fagtidsskriftet Blyttia. Som ein samlande karakteristikk har desse omtalane bygd opp Norsk flora til «Noregs Nasjonale flora».
I samtale med eit panel av forfattarane Reidar Elven og Hanne Hegre og teiknar Anne Elven vil biolog Jan Ingar Båtvik gjere oss kjende med denne nyaste utgåva, som omtalar 3500 planteartar, nesten dobbelt så mange som førsteutgåva. Kom og få innblikk i nyvinningane i den åttande utgåva av Norsk flora – «Noregs Nasjonale Flora» og botanikkens bibel.
Tilskipinga er gratis, og det blir høve til å skaffe seg floraen med introduksjonsrabatt.
Ønskjer du å sikre deg plass, kan det reserverast med å sende melding til: [email protected]
Advertisement

Event Venue & Nearby Stays

Nynorskens hus, Rosenkrantz´ gate 8,Oslo, Norway

Sharing is Caring: