Advertisement
Velkommen til bokkveld med journalist og programleder Arill Riise mandag 9. desember kl. 18.00. Då Arill Riise var ni år gammal vart heimen han budde i, og resten av klyngetunet Riise ved Hjørundfjorden, tatt av snøskred. Eit heilt lite samfunn vart utradert denne skjebnemorgonen i februar 1968. Av dei tre som omkom, var fire år gamle Ivar, veslebroren til Arill.
I boken Der ingen var einsam skildrar journalist Arill Riise kva som gjekk tapt då klyngetunet vart rive bort. Dette er historien om korleis det var å bu så tett på kvarandre i denne buforma som nærast ikkje finst lengre. Det som blir kalla «Den norske landsbyen».
Vi blir kjent med sterke karakterar i dramatiske og underhaldande historier. Om tyske soldatar som drep i fredsdagar, barn som forsvinn og arvesynd som pregar liv i ei ny tid. Dette er ei gripande, nær og varm forteljing om menneske som levde tett på kvarandre og fargela livet når det blei for mykje kvardag. Som mora til Arill, Ragna Riise, sa: «Det var eit godt liv. For ingen var einsam på Riise».
Arill Riise har jobba 20 år i NRK og nærmare 20 år i TV2. Riise blei tildelt prisen Årets nynorskbrukar i 2012, Kringkastingsprisen i 2016 og Kulturdepartementets nynorskpris for journalistar i 2021. Der ingen var einsam. Klyngetunet som vart utsletta er den fjerde boka hans.
Advertisement
Event Venue & Nearby Stays
Torggata 32, 2317 Hamar, Norway, Torggata 32, 2317 Hamar, Norge,Hamar, Norway