Bjørn & Bjarte, Den tøffe & Den sarte

Thu, 18 Dec, 2025 at 07:00 pm UTC+01:00

Hamnegata 1, 5411 Stord Island, Norway | Ølen

Stord Kulturhus
Publisher/HostStord Kulturhus
Bj\u00f8rn & Bjarte, Den t\u00f8ffe & Den sarte
Advertisement
To av Norges mest folkekjære kunstnere, Bjørn Eidsvåg og Bjarte Tjøstheim, slår seg samman for ein heilt spesiell turné. Med ein unik kombinasjon av varme, humor og musikalsk kvalitet, inviterer dei publikum til ein kveld fylt med både latter, undring og ettertanke.
Eidsvåg og Tjøstheim har kjent kvarandre i fleire år. Dei har tøysa og tulla i lag i Radioresepsjonen, og Bjørn har gjesta Bjarte sin TV-serie Presten, der han mellom anna spelte ei lettare forfylla utgåve av seg sjølv
Nå foreiner dei krefter, vidd og det vesle dei har av visdom, i ei felles forestilling. Det skal vitsast og raljerast, men dei skal også gjera eit forsøk på å reflektera over små og store spørsmål, undring er dei bra på. Begge har en kyrkjeleg bakgrunn, begge har kjent på tru og tvil, og begge veit korleis det er å komma til kort. Dei er både tøffe og sarte, og ikkje minst gode på å fella nådelause dommer over seg sjølve. Samstundes jaktar dei på nåden, på nokon som kan tåla dei slik dei er.
Publikum kan forventa seg ei forestilling fylt med latter, musikk og ettertanke. Eidsvåg sitt eminente band vil sørga for musikalsk tyngde, og Tjøstheim vil også bidra med sine rytmiske ferdigheiter. Om det blir oppbyggeleg og sjelsettande, vites ikkje. Men kjedeleg blir det definitivt ikkje, til det er forestillinga for kort.
Advertisement

Event Venue & Nearby Stays

Hamnegata 1, 5411 Stord Island, Norway, Hamnegata 1, 5411 Leirvik, Norge, Ølen, Norway

Icon
Concerts, fests, parties, meetups - all the happenings, one place.

Ask AI if this event suits you:

More Events in Ølen

Heim til jul - Ein julekonsert med damekoret Corona
Fri, 19 Dec at 06:00 pm Heim til jul - Ein julekonsert med damekoret Corona

Borggata 20, 5417 Stord Island, Norway

Gratis Julekonsert !! 19.desember !!
Fri, 19 Dec at 06:30 pm Gratis Julekonsert !! 19.desember !!

Bremnes kyrkje

Julashow med D'AccorD
Fri, 19 Dec at 09:00 pm Julashow med D'AccorD

Osvald Pub

Jul i Toragarden 2025
Sat, 20 Dec at 12:00 pm Jul i Toragarden 2025

Toragarden

Julekonsert med Sunnhordland Storband og Gisle Alsaker
Sat, 20 Dec at 02:00 pm Julekonsert med Sunnhordland Storband og Gisle Alsaker

Den Blå Time

QUIZ MED CATO THORSEN
Sat, 20 Dec at 07:00 pm QUIZ MED CATO THORSEN

Stadionvegen 35, Etne

Ølen is Happening!

Never miss your favorite happenings again!

Explore Ølen Events