Bikubekveld: Sjelemusikk med Numa Edema

Fri Nov 26 2021 at 11:00 pm

Det Norske Teatret | Oslo

Det Norske Teatret
Publisher/HostDet Norske Teatret
Bikubekveld: Sjelemusikk med Numa Edema
Advertisement
Numa Edema er ein av dei leiande representantane for soulmusikksjangeren i Noreg. Musikken hans er kjenneteikna ved sterke tekstar, ofte med eit mystisk preg, og vakre melodiar der fundamentet er varm soulmusikk. Sjangeren blir først og fremst knytt til amerikansk musikktradisjon, men Numa Edema viser at Noreg og Oslo har ei særeiga sjel som står trygt og stødig på eigne bein. Bli med inn i universet hans og la deg varme av Edemas «sjelemusikk».
Bikuben er den fjerde scenen på Det Norske Teatret! Fredagar kl. 23.00 inviterer vi til Bikubekveld i Bikuben. Det kan vere konsert, gjestespel, open mikrofon, eller musikalsk nachspiel med ensemblet frå ein av framsyningane våre og mykje anna. Baren er open!
Cc: 150,-
Du kan kjøpe billettar både på nett og i døra.
Advertisement

Event Venue & Nearby Stays

Det Norske Teatret, Kristian IV’s gt.8, Oslo, Norway

Tickets

Discover more events by tags:

Concerts in Oslo

Sharing is Caring: