Bikubekveld: MANdatory Vol. 3

Fri Dec 03 2021 at 11:00 pm

Det Norske Teatret | Oslo

Det Norske Teatret
Publisher/HostDet Norske Teatret
Bikubekveld: MANdatory Vol. 3
Advertisement
Endeleg tek MANdatory-kvinnsa over Bikuben igjen! Det blir ein kveld full av mektig patos, høge tonar (og låge tonar), testosteron, manning og kjærleik. Dette er nokre av musikal-Noregs kvinns som elskar å manne seg og som elskar å bryte konvensjonane, samstundes som dei hyller mannen og det fantastiske scenerepertoaret som er han til del.
Vi slår denne gongen eit slag for alle dei vakre, store (og små) julesongane, men heilt utanom musikalrepertoaret kjem ein ikkje heller denne kvelden. Innpakka i eit herleg juledryss, som seg hør og bør i desember!
Med Trine Bariås Kvitstein, Mari Haugen Smistad, Charlotte Brænna, Liv-Ellen Kahrs og Anette Lauenborg Waaler Band Eisabeth Mørland Nesset, Julie Falkevik Tungevåg og Ellen Brekken
Bikuben er den fjerde scenen på Det Norske Teatret! Fredagar kl. 23.00 inviterer vi til Bikubekveld i Bikuben. Det kan vere konsert, gjestespel, open mikrofon, eller musikalsk nachspiel med ensemblet frå ein av framsyningane våre og mykje anna. Baren er open!
Cc: 150,-
Du kan kjøpe billettar både på nett og i døra.
Advertisement

Event Venue & Nearby Stays

Det Norske Teatret, Kristian IV’s gt.8, Oslo, Norway

Tickets

Sharing is Caring: