Bikubekveld: La vie en rose

Fri Sep 17 2021 at 11:00 pm

Det Norske Teatret | Oslo

Det Norske Teatret
Publisher/HostDet Norske Teatret
Bikubekveld: La vie en rose Denne framsyninga lar oss bli kjende med ei av dei største songarinnene verda har sett, men på ein litt annleis måte, nemleg gjennom auga til Edith Piaf si halvsøster og venninne, Simone Bertaud. Publikum blir med på ei reise med opp- og nedturar, gjennom det vakre og det destruktive. Dei udøyelege songane er med på å skildre ein personlegdom så unik og fascinerande, og så grenselaust lengtande etter kjærleiken.
Skodespelar og songar: Mari Haugen Smistad
Piano, trekkspel og arrangement:Trond Hustad
Cello og celloarrangement: Karoline Brevik
Manus: Leo Cullborg og Åsa Fång Regikonsulent:Kjersti Haugen Gjendikting av songtekstar: Inger Gjelsvik, Mari H. Smistad og Beate Myrvold
Bikuben er den fjerde scenen på Det Norske Teatret! Fredagar kl. 23.00 inviterer vi til Bikubekveld i Bikuben. Det kan vere konsert, gjestespel, open mikrofon, eller musikalsk nachspiel med ensemblet frå ein av framsyningane våre og mykje anna. Baren er open!
Cc: 100,-
Du kan kjøpe billettar både på nett og i døra.

Event Venue & Nearby Stays

Det Norske Teatret, Kristian IV’s gt.8, Oslo, Norway

Sharing is Caring: