Advertisement
Denne kvelden deler Oslos råaste kvinner scenen og uttrykker seg gjennom poesi. Kjensler skal bli vekt, minner skal bli utforska og historier skal bli fortalde. Med poesiens slagkraft skal orda treffe langt inn i hjarterota. Kom og lytt til levande lyrikk. Lyrikk som reflekterer, diskuterer, skapar og fragmenterer - på ei og same tid.
•••
Bikubekveld kan vere konsert, gjestespel, open mikrofon eller musikalsk nachspiel med ensemblet frå ei av framsyningane våre - og mykje anna.
Baren er open, og du bestiller drikke med QR-kode ved bordet.
Det er 77 sitteplassar og 34 bord.
Du kjøper eit bord med 1, 2 eller 3 sete. 150,- per sete. Om du ønsker å fylle plassane ved bordet, vel du sjølv.
Om du vel eit bord med 2 plassar treng du ikkje vere i kohort med personen du sit saman med. Det er avstand nok.
Vel du eit bord med 3 sete, kan du ta med deg inntil 2 venner i same kohort som deg sjølv.
Vi opnar i Bikuben ca. kl. 22.00
•••
Rahel Beraki er slampoet frå Oslo og medlem av SlamKollektivet. Ho har vore på diverse scener og vore delaktig ved ulike arrangement, blant anna på Det Norske Teateret, Parkteateret, Dramatikkens Hus, Litteraturhuset, SALT Art & Music og på arrangement for regjeringa og kongefamilien. Med utdanning innfor drama og teater formidlar Rahel historier gjennom poesiens verd og utforskar tematikk som rasisme, aktivisme, kjærleik og oppvekst.
Asha Abdullahi er ein ung SLAM!poet som mellom anna har gjort seg merka på Uhørt-scenen og i VOKS nyaste nummer, Diaspora. Ho skriv dikt om identitet, sjølvforståing, samfunnsproblem og kryssingspunkts mellom desse temaa.
Hanna Asefaw er artist frå Oslo som gjennom eksperimentering av forskjellege uttrykksformar, blant anna poesi, nysirkus og song, formidlar historier om identitet, frigjering og minna som sit fast i oss. Hanna er i dag med i TeksLab Inkubator, eit program for unge talent. Ho har stått på scenar som Nationaltheateret og Dramatikkens hus v/ Tekstlab, Den Norske Opera og Ballet og Det kongelege slott v/ Nysirkus Bjerke.
Jeaninne Masika Harrysson er poet, munnleg forteljar og tidlegare Oslomeister i Slam Poesi. Ho har stått på scenen med eigenkomponerte poesistykke både i Noreg og internasjonalt. Som scenekunstutviklar er ho støtta av Den mangfoldige scenen/Nynorskens hus i viderutviklinga av sitt kunstnarlege arbeid, både på og utanfor scenerommet. Her utforskar ho poesi og spoken word i eit breiare og tverrfagleg performanceuttrykk.
Musikar for kvelden:
Vjolla Emiri er ein musikar med fokus på lyddesign og poesimusikk. Hen jobbar som kreativ produsent, og mange av prosjekta hens kryssar grensene mellom musikk, kunst og aktivisme. Emiri har klimpra på utallige instrument dei siste 13 åra - hovudsakeleg funky elgitar licks, groovy beats og ableton live. Hen brukar det meste av tida på scenen som SLAM!musikar for poetar der uttrykket kan variere frå ambient, hiphop, funk og til pop. Det heile er ganske eksperimentelt og improviserande, med andre ord.
Advertisement
Event Venue & Nearby Stays
Det Norske Teatret, Kristian IV’s gt.8, Oslo, Norway
Concerts, fests, parties, meetups - all the happenings, one place.
