Advertisement
«Det skal bli lys!» Slik står det på første sida i Bibelen. Og dermed er me i gang med Første Mosebok, - eller Opphavsboka, som den også er kalla. Boka har høg kvalitet som litteratur, samtidig er den ein grunnleggjande tekst i både jødisk og kristen tru. Her startar Bibelen si store forteljing om skaping og nyskaping, ei forteljing om Gud, naturen, samfunnet og mennesket. Tysdag 14. oktober: Urhistoria
Undervising ved Knut Holter
Dei første 11 kapitla i Første Mosebok blir kalla urhistoria. Dette er dei kjende historiene om alle tings opphav, og om vondskapen som kom inn i paradiset. Her står det om Adam og Eva, Kain og Abel, storflaumen som øydela alt, om Noahs ark og om Babels tårn. Kva slags tekstar er dette? Og korleis skal me lesa dei?
Advertisement
Event Venue & Nearby Stays
Brynevegen 9 , 4340 Bryne, Norway, Brynevegen 9, 4340 Bryne, Norge, Bryne, Norway