Advertisement
Beltebil 2025 - ei heil helg fylt med historiske køyretøy på belter. Velkomen til vårfjellets artigaste eventyr!Beltebilen har ein heilt sentral plass i utvikling av turisme i fjellet. Ikkje berre i Gudbrandsdalen, men i alle fjellstrøk som tek i mot gjester vinterstid. Beltebilen er viktig både historisk og i dag - og i samband med utbygging og vedlikehald av kraftanlegg i fjellet.
Denne helga inviterer vi til å delta i eller oppleve ei fascinerande og fargerik kjøretøykaravane på belter med stor breidde i historiske kjøretøy. Undervegs legg vi vekt på formidling av pionertida, historiene, hendingar og kjøretøyhistorisk utvikling - toppa med spektakulære vinterfjell!
Har du beltebil sjølv er du hjarteleg velkomen - og har du ikkje beltebil, men vil sjå, høyre, lære og kan hende sitte på hjå andre er du like hjarteleg velkomen.
Nytt av året er at vi både får kjørt beltebilane og vist fram dei ulike doningane over to gode dagar.
PROGRAM:
FREDAG 28. APRIL:
Beltebiltur frå Slangen i Skåbu via Ruten og Dalseter til Fefor
Middag, beltebilpøbb med historier og muntre innslag
LAURDAG 29. APRIL:
Visning av beltebilar, servering, foredrag med meire. Beltebiltur med kaffestopp på Fagerhøy. Festmiddag og beltebilfest med trubadur Arild Skar og spelemenn på Fefor.
SØNDAG 30. APRIL:
Heimreise frå Fefor til Skåbu.
PÅMELDING BELTEBIL:
Påmelding for deltaking med køyretøy skjer på Facebook-sida "Beltebilens dag".
PUBLIKUM:
Kom som du er - og sjå, høyr, sitt gjerne på og lær!
Gjennom helga vil vi formidle kva betydning beltebilen har hatt opp gjennom åra både før det kom heilårsvegar og for turismen i fjellbygdene. Og ikke minst hylle de uredde sjaførene som la ut på turene med slik utstyr i alt slags vær. Velkomen til ei stor beltebiloppleving, i følge med entusiastar, over vide vidder og med spektakulære utsiktspunkt!
Advertisement
Event Venue & Nearby Stays
Gålå, Norway, Blåbærvegen 86, 2646 Sør-Fron, Norge,Sør-Fron, Lillehammer, Norway