Advertisement
Velkomen til Yggdrasil - kunnskapens tre!Her møter du ekornet Ratatosk og fuglen Vidhofnir, som er gode vener (sjølv om Vidhofnir er litt sjefete) og glade i song og musikk.
Vidhofnir og Ratatosk fortel om æser og menneske, og om korleis verda til vikingane vart skapt. Med seg opp i treet har dei ikkje mindre enn 10 instrument av ulike slag, og eit planetarium syner stjernebileta Karlsvogna, Orions Belte og Polarstjerna i taket!
Framsyninga tek utgangspunkt i norrøn mytologi, og publikum blir tekne med på ei interaktiv reise der dei kan vere med på å redde Ratatosk frå vonde slangar, dersom dei hjelper Vidhofnir med å syngje. Publikum blir kjende med norrøne sagn, nordisk mellomaldermusikk og eldre stjerneformasjonar.
Musikken er basert på historiske kjelder og inneheld instrument som middelalderharpe, blokkfløyter, trommer, fiolin og song.
Framsyninga høver for born frå 4 til 10 år, og varar i 35-40 minutt.
Etterpå er det lov til å kome nærare og sjå på og prøve nokre av instrumenta.
Med musikarane Linnéa Sundfær Casserly og Inga Mathilde Gorset.
Framsyninga inngår i Operalåven sitt prosjekt Ung Utvikling, der me har som mål å gjere levande kulturuttrykk meir tilgjengeleg for barn og ungdom. Difor er arrangementet gratis for publikum opp til 21 år. Stor takk til Sparebankstiftelsen Hallingdal og Sparebankstiftelsen DNB for støtte til prosjektet!
Advertisement
Event Venue & Nearby Stays
Selsvegen 180, 3570 Ål, Norway, Selsvegen 180, 3570 Ål, Norge, Hønefoss, Norway
Tickets
Concerts, fests, parties, meetups - all the happenings, one place.










