Advertisement
22.-23. mars 2025 inviterer Noregs Ungdomslag og Folkedanslaget i BUL Tromsø til barneinstruktørkurs i folkedans. Kurset skjer i BUL Tromsø sine lokaler. Instruktør er Anette Johansen frå Bodø. Anette er ein særs dyktig instruktør med lang erfaring frå barne- og ungdomsgrupper samt dans i skulen. Ho vil dele av sin rikhaldige erfaring om korleis ho har arbeidd med folkedans med barn og ungdom.
💃🏼 Barneinstruktørkurset er for deg som vil undervisa barn og unge i folkedans. Her er det fokus på danseleik der du lærer eit repertoar av gode dansar og leikar for barn. Det vil også vera fokus på korleis du arbeider didaktisk med barn og gruppeleiing.
🎯 Kurset er for deg som underviser eller har planar om å starta opp undervising for barn. Kurset er for både erfarne og nybyrjarar.
❗️Kurset har eit avgrensa tal plassar så det er lurt å vera tidlig ute med påmeldinga. Siste frist for å melde seg på er torsdag 6. mars kl. 23:59 via dette skjema: https://event.checkin.no/107477/instruktoerkurs-i-folkedans-for-barneinstruktoerar-tromsoe.
🛏️ Vi har avtale med Quality Hotel Saga, rett ved kurslokalet, om gode prisar på enkelt- og dobbeltrom. MERK: For å sikre oss dei gode prisane må rom bestillast allereie innan 20. februar! Du kan bestille rom ved å melde deg på i påmeldingsskjema.
📍 Stad: BUL Tromsø sitt hus, Richard Withs plass 2, 9008 Tromsø.
📆 Tid: Laurdag 22. mars kl. 10-17 og sundag 23. mars kl. 10-15.
💰 Pris: 500,- for NU-medlemmer, 1000,- for ikkje-medlemmer (inkl. lunsj)
Meir informasjon: https://www.ungdomslag.no/arrangement/barneinstruktorkurs-i-folkedans-tromso
Påmeldingsskjema: https://event.checkin.no/107477/instruktoerkurs-i-folkedans-for-barneinstruktoerar-tromsoe
💌 Kontakt: [email protected].
Kurset er støtta av Studieforbundet kultur og tradisjon.
Advertisement
Event Venue & Nearby Stays
BUL Tromsø, Richard Withs plass 2,Tromsø, Norway
Tickets