Advertisement
Hei alle saman!No nærmar hausten seg, og vi håpar at mange born gler seg til å starte opp med ballsidighet. Oppstartsdagen blir 15. oktober i Nore Neset Arena. Dei første fire vekene vil trenarar frå klubben stå for opplegget. Borna får då prøve seg på fotball, handball og mykje leik.
Etter fire veker er det foreldra som må ta stafettpinnen vidare. Vi har behov for trenarar, lagleiarar og sosialansvarlege/komité. Klubben vil vere til stades under oppstarten for å forklare meir om desse rollene.
Vi gler oss til å møte alle dei fantastiske små idrettsutøvarane!
Sportsleg helsing
Silje Lom Soldal, leiar handball
Arne Sælensminde, leiar fotball
Advertisement
Event Venue & Nearby Stays
Nore Neset Idrettslag, Skeismyra 8,Os, Hordaland, Bergen, Norway