Advertisement
Denne torsdagskvelden blir det sleppefest i Skifte!Dei fargerike improvisasjonane til Avian Art utforskar det musikalske spekteret gjennom vakre tematiske utviklingar, abstrakte lydlandskap og intens musikalsk spenning. Gjennom to utgivingar og ei mengd konsertar har ensemblet etablert eit utrykk kor musikalske idear blir utvikla, vridde og vende på, som eit økosystem i sakte endring. Små nyansar i musikken gir grobotn for eit levende og organisk lydbilde, som veks fram i harmoni med nærværet og merksemda til ensemblet.
Den 21. mars slepp bandet det tredje albumet sitt A Ripple Song på Musicwelike Records, denne gongen i samarbeid med multiinstrumentalisten Stein Urheim. Møtet dei i mellom resulterte i ei samling improvisasjonar farga av skjørheit og skjønnheit. Med stor variasjon av elektroniske og akustiske instrument, bidreg også Urheim til å opne nye soniske verdar. I løpet av 2025 kjem Avian Art til å spele konsertar som presenterer musikk frå samarbeidet.
Advertisement
Event Venue & Nearby Stays
Det Vestnorske Teateret, LOGEN: Øvre Ole Bulls plass 6, 5012 Bergen, Norway, Det Vestnorske Teateret, Øvre Ole Bulls plass, 5012 Bergen, Norge,Bergen, Hordaland, Norway
Tickets