Aurom - Utan å dirre (Gamle aker kirke)

Thu Oct 21 2021 at 08:00 pm

Gamle Aker kirke | Oslo

Aurom - Utan \u00e5 dirre (Gamle aker kirke)
Advertisement
Folkesongtrioen Aurom slapp plate på Nye Nor 6.mai. Denne konserten er ein del av sleppturnéen til albumet med same namn "Utan å dirre".
NB! Kun forhåndssolgte billettar!
Dørene opnar 19.30, konsertstart 20.00.
Aurom er:
Malin Alander (folkesong/stemme)
Guro Utne Salvesen (folkesong/stemme)
Ingebjørg Lognvik Reinholdt (folkesong/stemme)
Namnet Aurom er henta frå Auromheimen. Dette er det andre riket, som Olav Åsteson vandrar gjennom i Draumkvedet. Auromheimen er ein mystisk stad, eit slags hinsidige der ein ser både til himmel og helvete. Den andre staden.
Noko anna, er også denne vokaltrioen. Tre stemmer, tre musikarar som vil bruke stemma som instrument til å uttrykke både mørket og ljoset i livet. Dei punkta der ord blir fattige.
Trioen hentar tidlause songar frå tradisjonen, og skriv nye inspirert av dei gamle. Tre ulike stemmer med stort spenn og ein sjeldan samklang.
Aurom har finne kvarandre i det leikne, i kjærleiken til stemma si evne til å uttrykkje det ordlause og det sterke. Folkesongane har også denne evnen. Dei flyt gjennom åra utan å miste magien som er ein god melodi, vakre eller sanne ord som resonnerar i oss, og spontaniteten i å lage musikk i akkurat dette augeblikket.
Advertisement

Event Venue & Nearby Stays

Gamle Aker kirke, Oslo, Norway

Tickets

Sharing is Caring: