Advertisement
Aukradagen feirar 15 år og vi lovar eit tettpakka program på utescena, den største marknadsplassen nokon gong, gratis frukost, nye og spennande aktivitetar for dei minste og mykje meir. Konferansier Rune Nilson vil lose oss gjennom dagen med mykje dialekthumor og anna moro!Påmeldinga er endeleg open og vi håpar du vert med på feiringa! Meld deg på med stand på marknadsplassen eller med underhaldning på utescena, påmeldingsfrist er 25. mai.
Lenke til påmeldingsskjema på Aukra kommune sin nettstad: https://www.aukra.kommune.no/tenester/kultur-fritid-og-frivilligheit/kulturhus-kulturskole-bibliotek-og-andre-moteplassar/aukradagen/aukradagen/
Sidan årets tema er bursdagsfeiring, oppfordrar vi alle med stand til å la seg inspirere av temaet og kanskje de kan vinne prisen for årets stand?
Meir informasjon om dagen kjem fortløpande, følg Aukradagen og trykk "skal" på arrangementet.
Velkommen til Aukradagen!
Advertisement
Event Venue & Nearby Stays
Aukraringen 3, 6480 Falkhytta, Norge, Aukraringen 3, 6480 Falkhytta, Norge,Aukra, Molde, Norway