Advertisement
Året er på sitt mørkaste, og kvelden før kvelden er barna klare for «geiming» – men så går straumen! Mor vil fortelja eventyr, men kva må eigentleg vera med i ei ekte julehistorie? Kven hadde vunne i ein slåstkamp mellom H.C. Andersen og Charles Dickens? Og kan jenta med svovelstikkene tenna håpet og redda jula?Bli med på ei morosam og annleis forteljarstund med teikneserieskapar og forfattar Therese G. Eide. Ho teiknar og fortel barna om dei klassiske eventyra, og tek imot innspel undervegs. Her er det meste lov! Etterpå er det barnas tur til å teikna, og Therese er tilgjengeleg for tips og triks og tøys.
Therese G. Eide (f. 1978) er frilans illustratør med base i Bergen. Ho står bak "Ingenting nytt frå heimefronten", ein sjølvbiografisk teikneserie om livet som småbarnsmor, som blir trykt i fleire aviser og har resultert i fleire bøker.
Billett: Gratis.
Stad: Gamleposten
Etter arrangementet blir det boksal og signering.
Arrangementet inngår i programmet til Jul i Fjærland og er eit samarbeid mellom Den norske bokbyen og Fjærland Næringssamskipnad og er støtta av Fritt Ord.
Advertisement
Event Venue & Nearby Stays
Fjærlandsfjorden 270, 6848 Fjærland, Norge, Fjærlandsfjorden 270, 6848 Fjærland, Norge, Førde, Norway
Concerts, fests, parties, meetups - all the happenings, one place.











