Advertisement
Då TV-profilen Arill Riise var ni år gammal vart heimen han budde i, og resten av klyngetunet Riise ved Hjørundfjorden, tatt av snøskred. Eit heilt lite samfunn vart utradert denne skjebnemorgonen i februar 1968. Av dei tre som omkom, var fire år gamle Ivar, veslebroren til Arill.I Der ingen var einsam skildrar journalist Arill Riisekva som gjekk tapt då klyngetunet vart rive bort. Dette er historien om korleis det var å bu så tett på kvarandre i denne buforma som nærast ikkje finst lengre. Det som blir kalla «Den norske landsbyen».
Vi blir kjent med sterke karakterar i dramatiske og underhaldande historier. Om tyske soldatar som drep i fredsdagar, barn som forsvinn og arvesynd som pregar liv i ei ny tid. Dette er ei gripande, nær og varm forteljing om menneske som levde tett på kvarandre og fargela livet når det blei for mykje kvardag. Som mora til Arill, Ragna Riise, sa: «Det var eit godt liv. For ingen var einsam på Riise».
Advertisement
Event Venue & Nearby Stays
Bjørnsonfestivalen, Gørvellplassen 1,Molde, Norway
Tickets