Are Kalvø – Berre bønder lengtar heim // Asker kulturhus

Thu Sep 11 2025 at 07:00 pm to 08:15 pm UTC+02:00

Asker kulturhus | Asker

Asker kulturhus
Publisher/HostAsker kulturhus
Are Kalv\u00f8 \u2013 Berre b\u00f8nder lengtar heim \/\/ Asker kulturhus
Advertisement
Are Kalvø har vore komikar i ganske mange år. Han har levd i endå fleire år. Og i alle desse åra er det ein konflikt som alltid vender tilbake: By mot land.
Slike konfliktar har skapt dårlig stemning så lenge Kalvø har levd, på ulike måtar, både i Norge og i andre land: Sentrum mot utkant. Elite mot folk.
Tida er inne for å legge desse konfliktane bak oss og heller bruke tida vår på å løyse dei store problema i verden.
Tida er inne for å bygge bru mellom by og land. Og bli ferdig med dette, ein gong for alle.
Og kven er vel ein meir naturlig brubyggar enn nettopp Are Kalvø? Han har eitt bein i kvar leir. Han vaks opp på bygda, han bur i by. Han er ein storbyelskar som skriv nynorsk og snakkar dialekt. Han kan forstå og snakke med begge sider. Kanskje til og med like begge sider.
For å verkeleg sette seg inn i kva slike konfliktar handlar om, har Kalvø budd i ein månad i Europas største by London, ein bråkete, forvirrande, sjølvfornøgd og altfor stor metropol i elitetenkingas heimland, og ein månad i Norges minste kommune Utsira, ei øy utan fastlandsforbindelse, med to hundre innbyggarar på ein god dag, og stort sett stiv kuling.
Han har levd med veganarar med sykkelhjelm og fiskarar med termodress, han har snakka om motor og moderne dans, han har mista ferjer og håp. Men han har klart seg. Og han har gjort det for oss.
No er han tilbake for å fortelje. Og bygge bru. Og viss ikkje det går, for å slå fast ein gong for alle: Kva er best, by eller land?
Are Kalvø har skrive og framført humor og satire på mange ulike måtar i mange år. Han har turnert Norge før, og liker det svært godt, med sine tre soloforestillingar «Kalvø – ein time av livet du aldri får tilbake» (Komiprisen 2015), «Toppar VG-lista» og «Hyttebok frå helvete», basert på boka med same namn, som toppa bestseljarlistene i Norge i tretti veker og er omsett til tolv språk. Han har også skrive fleire andre storseljande humorbøker, som «Syden», «Harry» og «Bibelen 2».
Are Kalvø gleder seg hemningslaust til endelig å legge ut på ein turné med stoff som faktisk handlar om absolutt alle plassane han er innom på turneen.
Advertisement

Event Venue & Nearby Stays

Asker kulturhus, Strøket 15 A,Asker, Norway

Tickets

Discover more events by tags:

Comedy in AskerPerforming-arts in Asker

Sharing is Caring:

More Events in Asker

Street Food Skandinavia TOUR 2025 - ASKER - H\u00d8STFEST
Thu, 11 Sep at 12:00 pm Street Food Skandinavia TOUR 2025 - ASKER - HØSTFEST

Asker Sentrum

AskerSpurten 2025
Thu, 11 Sep at 04:45 pm AskerSpurten 2025

Asker Sentrum

Valpekurs innend\u00f8rs - Asker | 2 Plasser igjen| Poverud Poter
Thu, 11 Sep at 05:30 pm Valpekurs innendørs - Asker | 2 Plasser igjen| Poverud Poter

påverud gårdsvei 20, 1385 Asker

God bok: Det \u00e5ret eg vakna
Fri, 12 Sep at 12:00 pm God bok: Det året eg vakna

Strøket 15A, 1383 Asker, Norway

\u00c5nnerudtoppen barnehage 25 \u00e5r! bli med p\u00e5 jubileumsfest.
Fri, 12 Sep at 03:00 pm Ånnerudtoppen barnehage 25 år! bli med på jubileumsfest.

Ånnerudtoppen 2, Asker

Italian night med live musikk @ Cinque Terre Trattoria Asker
Fri, 12 Sep at 05:00 pm Italian night med live musikk @ Cinque Terre Trattoria Asker

Alfheim 10, 1384 Asker, Norge

Velkommen til Kiwi Bama cup Asker 2025! (Tidligere Askercupen)
Sat, 13 Sep at 09:00 am Velkommen til Kiwi Bama cup Asker 2025! (Tidligere Askercupen)

Kirkeveien 221, 1383 Asker, Norway

Asker is Happening!

Never miss your favorite happenings again!

Explore Asker Events