Are Kalvø - Berre bønder lengtar heim // Gjøvik Kino & Scene

Sat, 15 Mar, 2025 at 07:00 pm UTC+01:00

Elvegata 2-4, 2815 Gjøvik, Norway | Gjovik

Gj\u00f8vik Kino & Scene
Publisher/HostGjøvik Kino & Scene
Are Kalv\u00f8 - Berre b\u00f8nder lengtar heim \/\/ Gj\u00f8vik Kino & Scene
Advertisement
Are Kalvø har vore komikar i ganske mange år. Han har levd i endå fleire år. Og i alle dese åra er det ein konflikt som alltid vender tilbake: By mot land.
Slike konfliktar har skapt dårlig stemning så lenge Kalvø har levd, på ulike måtar, både i Norge og i andre land: Sentrum mot utkant. Elite mot folk.
Tida er inne for å legge desse konfliktane bak oss og heller bruke tida vår på å løyse dei store problema i verden.
Tida er inne for å bygge bru mellom by og land. Og bli ferdig med dette, ein gong for alle.
Og kven er vel ein meir naturlig brubyggar enn nettopp Are Kalvø? Han har eitt bein i kvar leir. Han vaks opp på bygda, han bur i by. Han er ein storbyelskar som skriv nynorsk og snakkar dialekt. Han kan forstå og snakke med begge sider. Kanskje til og med like begge sider.
For å verkelig sette seg inn i kva slike konfliktar handlar om, har Kalvø budd i ein månad i Europas største by London, ein bråkete, forvirrande, sjølvfornøgd og altfor stor metropol i elitetenkingas heimland, og ein månad i Norges minste kommune Utsira, ei øy utan fastlandsforbindelse, med to hundre innbyggarar på ein god dag, og stort sett stiv kuling.
Han har levd med veganarar med sykkelhjelm og fiskarar med termodress, han har snakka om motor og moderne dans, han har mista ferjer og håp. Men han har klart seg. Og han har gjort det for oss.
No er han tilbake for å fortelje. Og bygge bru. Og viss ikkje det går, for å slå fast ein gong for alle: Kva er best, by eller land?

Are Kalvø har skrive og framført humor og satire på mange ulike måtar i mange år. Han har turnert kulturhus-Norge før, og liker det svært godt, med sine tre soloforestillingar «Kalvø - ein time av livet du aldri får tilbake»(Komiprisen 2015), «Toppar VG-lista» og «Hyttebok frå helvete», basert på boka med same namn, som toppa bestseljarlistene i Norge i tretti veker og er omsett til tolv språk. Han har også skrive fleire andre storseljande humorbøker, som «Syden», «Harry» og «Bibelen 2».

Are Kalvø gleder seg hemningslaust til endelig å legge ut på ein turné med stoff som faktisk handlar om absolutt alle plassane han er innom på turneen.
Advertisement

Event Venue & Nearby Stays

Elvegata 2-4, 2815 Gjøvik, Norway, Elvegata 2, 2815 Gjøvik, Norge,Gjøvik, Norway, Gjovik

Tickets

Sharing is Caring:

More Events in Gjovik

Intimkonsert med Thom Hell i Bar Bj\u00f8rnson
Fri, 14 Mar, 2025 at 07:30 pm Intimkonsert med Thom Hell i Bar Bjørnson

Øvre Torvgate 24, 2815 Gjøvik, Norway

\u00c5pen Scene\/\/ RetroJam fredag 14.mars - Come Out And Play!
Fri, 14 Mar, 2025 at 10:00 pm Åpen Scene// RetroJam fredag 14.mars - Come Out And Play!

Retro Bar og Livescene

Harry Potter Book Day 2025 - Stell av magiske vesener
Sat, 15 Mar, 2025 at 10:00 am Harry Potter Book Day 2025 - Stell av magiske vesener

Gjøvik bibliotek og litteraturhus

Loppemarked Lokstallen
Sat, 15 Mar, 2025 at 10:00 am Loppemarked Lokstallen

Lokstallen Dokka

ST. PATRICK\u2019s DAY-FEST P\u00c5 GRIMAAS BRYGGERI
Sat, 15 Mar, 2025 at 03:00 pm ST. PATRICK’s DAY-FEST PÅ GRIMAAS BRYGGERI

Grimaas Bryggeri

Popkult-Quiz: Harry Potter
Sat, 15 Mar, 2025 at 04:00 pm Popkult-Quiz: Harry Potter

Gjøvik bibliotek og litteraturhus

Land Rovers i Lavvoen
Sat, 15 Mar, 2025 at 08:00 pm Land Rovers i Lavvoen

Storgata 103, 2870 Dokka, Norway

Johansen\u2019s trio p\u00e5 Retro bar & livescene Raufoss
Sat, 15 Mar, 2025 at 11:00 pm Johansen’s trio på Retro bar & livescene Raufoss

Retro Bar og Livescene

Sevalrunden 51. \u00c5rgang
Sun, 16 Mar, 2025 at 09:00 am Sevalrunden 51. Årgang

Øvre Vardal Sportsklubb

SKITUR I KULTURLANDSKAP P\u00c5 TOTEN
Sun, 16 Mar, 2025 at 10:00 am SKITUR I KULTURLANDSKAP PÅ TOTEN

Vestrumenga Barnehage Øverbyvegen 40 2834 Raufoss

Klubbrenn - Langrenn
Sun, 16 Mar, 2025 at 12:00 pm Klubbrenn - Langrenn

Sevalvegen 253, 2822 Gjøvik, Norway

Bok og te
Wed, 19 Mar, 2025 at 12:30 pm Bok og te

Gjøvik bibliotek og litteraturhus

Gjovik is Happening!

Never miss your favorite happenings again!

Explore Gjovik Events