Are Kalvø - Berre bønder lengtar heim

Wed Mar 05 2025 at 07:00 pm to 08:15 pm UTC+01:00

Fosnavåg konserthus | Aalesund

Fosnav\u00e5g konserthus
Publisher/HostFosnavåg konserthus
Are Kalv\u00f8 - Berre b\u00f8nder lengtar heim
Advertisement
Are Kalvø kjem tilbake til Fosnavåg i mars!
Han har vore komikar i ganske mange år. Han har levd i endå fleire år. Og i alle dese åra er det ein konflikt som alltid vender tilbake: By mot land. Slike konfliktar har skapt dårlig stemning så lenge Kalvø har levd, på ulike måtar, både i Norge og i andre land: Sentrum mot utkant. Elite mot folk.
Tida er inne for å legge desse konfliktane bak oss og heller bruke tida vår på å løyse dei store problema i verden. Tida er inne for å bygge bru mellom by og land. Og bli ferdig med dette, ein gong for alle. Og kven er vel ein meir naturlig brubyggar enn nettopp Are Kalvø? Han har eitt bein i kvar leir. Han vaks opp på bygda, han bur i by. Han er ein storbyelskar som skriv nynorsk og snakkar dialekt. Han kan forstå og snakke med begge sider. Kanskje til og med like begge sider.
For å verkelig sette seg inn i kva slike konfliktar handlar om, har Kalvø budd i ein månad i Europas største by London, ein bråkete, forvirrande, sjølvfornøgd og altfor stor metropol i elitetenkingas heimland, og ein månad i Norges minste kommune Utsira, ei øy utan fastlandsforbindelse, med to hundre innbyggarar på ein god dag, og stort sett stiv kuling.
Han har levd med veganarar med sykkelhjelm og fiskarar med termodress, han har snakka om motor og moderne dans, han har mista ferjer og håp. Men han har klart seg. Og han har gjort det for oss. No er han tilbake for å fortelje. Og bygge bru. Og viss ikkje det går, for å slå fast ein gong for alle: Kva er best, by eller land?
Are Kalvø har skrive og framført humor og satire på mange ulike måtar i mange år. Han har turnert kulturhus-Norge før, og liker det svært godt, med sine tre soloforestillingar «Kalvø - ein time av livet du aldri får tilbake»(Komiprisen 2015), «Toppar VG-lista» og «Hyttebok frå helvete», basert på boka med same namn, som toppa bestseljarlistene i Norge i tretti veker og er omsett til tolv språk. Han har også skrive fleire andre storseljande humorbøker, som «Syden», «Harry» og «Bibelen 2».
Are Kalvø gler seg hemningslaust til endeleg å legge ut på ein turné med stoff som faktisk handlar om absolutt alle plassane han er innom på turneen.
Advertisement

Event Venue & Nearby Stays

Fosnavåg konserthus, Gerhard Voldnes veg 7,Fosnavåg, Norway, Aalesund

Tickets

Sharing is Caring:

More Events in Aalesund

Christel Alsos - Loved Songs Tour
Fri, 07 Mar, 2025 at 07:00 pm Christel Alsos - Loved Songs Tour

Kyrkjevegen 2, 6230 Sykkylven, Norway

Christel Alsos - Loved Songs Tour
Sat, 08 Mar, 2025 at 08:00 pm Christel Alsos - Loved Songs Tour

Fosnavåg konserthus

Bj\u00f8rn Eidsv\u00e5g
Thu, 13 Mar, 2025 at 07:00 pm Bjørn Eidsvåg

Sjøborg kulturhus og kino

Marie L\u00f8v\u00e5s & Julie Henrikke \/\/ DIS
Fri, 14 Mar, 2025 at 07:00 pm Marie Løvås & Julie Henrikke // DIS

Skulevegen 11B, 6230 Sykkylven, Norway

Linda Eide spr\u00e5ksjov
Fri, 14 Mar, 2025 at 08:00 pm Linda Eide språksjov

Fosnavåg konserthus

En spurv & en diva
Wed, 19 Mar, 2025 at 07:30 pm En spurv & en diva

Sjøborg kulturhus og kino

Aalesund is Happening!

Never miss your favorite happenings again!

Explore Aalesund Events