Are Kalvø: Berre bønder lengtar heim // Rådhusteatret i Ski

Sat, 13 Sep, 2025 at 07:00 pm UTC+02:00

Idrettsveien 8, 1400 Ski, Norway | Ås

R\u00e5dhusteatret i Ski
Publisher/HostRådhusteatret i Ski
Are Kalv\u00f8: Berre b\u00f8nder lengtar heim \/\/ R\u00e5dhusteatret i Ski
Advertisement
Are Kalvø har vore komikar i ganske mange år. Han har levd i endå fleire år. Og i alle dese åra er det ein konflikt som alltid vender tilbake: By mot land.
Slike konfliktar har skapt dårlig stemning så lenge Kalvø har levd, på ulike måtar, både i Norge og i andre land: Sentrum mot utkant. Elite mot folk. Tida er inne for å legge desse konfliktane bak oss og heller bruke tida vår på å løyse dei store problema i verden.Tida er inne for å bygge bru mellom by og land. Og bli ferdig med dette, ein gong for alle.
Og kven er vel ein meir naturlig brubyggar enn nettopp Are Kalvø? Han har eitt bein i kvar leir. Han vaks opp på bygda, han bur i by. Han er ein storbyelskar som skriv nynorsk og snakkar dialekt. Han kan forstå og snakke med begge sider. Kanskje til og med like begge sider.
For å verkelig sette seg inn i kva slike konfliktar handlar om, har Kalvø budd i ein månad i Europas største by London, ein bråkete, forvirrande, sjølvfornøgd og altfor stor metropol i elitetenkingas heimland, og ein månad i Norges minste kommune Utsira, ei øy utan fastlandsforbindelse, med to hundre innbyggarar på ein god dag, og stort sett stiv kuling. Han har levd med veganarar med sykkelhjelm og fiskarar med termodress, han har snakka om motor og moderne dans, han har mista ferjer og håp. Men han har klart seg. Og han har gjort det for oss. No er han tilbake for å fortelje. Og bygge bru. Og viss ikkje det går, for å slå fast ein gong for alle: Kva er best, by eller land?

Are Kalvø har skrive og framført humor og satire på mange ulike måtar i mange år. Han har turnert kulturhus-Norge før, og liker det svært godt, med sine tre soloforestillingar «Kalvø - ein time av livet du aldri får tilbake» (Komiprisen 2015), «Toppar VG-lista» og «Hyttebok frå helvete», basert på boka med same namn, som toppa bestseljarlistene i Norge i tretti veker og er omsett til tolv språk. Han har også skrive fleire andre storseljande humorbøker, som «Syden», «Harry» og «Bibelen 2».

Are Kalvø gleder seg hemningslaust til endelig å legge ut på ein turné med stoff som faktisk handlar om absolutt alle plassane han er innom på turneen.
Advertisement

Event Venue & Nearby Stays

Idrettsveien 8, 1400 Ski, Norway, Idrettsveien 8, 1400 Ski, Norge, Ås, Norway

Tickets

Sharing is Caring:

More Events in Ås

RC\/Felt veekend kurs for nybegynner og videreg\u00e5ende!
Sat, 13 Sep at 10:00 am RC/Felt veekend kurs for nybegynner og videregående!

Vestby Hundeskole / Vestby Agility Hall

Kurs Anja Helene Waaler
Sat, 13 Sep at 10:00 am Kurs Anja Helene Waaler

Mjelgård

Klokkarstuadagen 2025
Sat, 13 Sep at 10:00 am Klokkarstuadagen 2025

Kulturhuset Hovtun

H\u00f8stmarked
Sat, 13 Sep at 11:00 am Høstmarked

sagstuveien 1, Ytre Enebakk

Bli med p\u00e5 gjenbruksmarked!
Sat, 13 Sep at 11:00 am Bli med på gjenbruksmarked!

Senterveien 6, 8 og 10, 1540 Vestby, Norway

L\u00f8rdagsjazz i Ski med Jan Erik Vold & John P\u00e5l Inderberg - JAZZ & POESI
Sat, 13 Sep at 02:00 pm Lørdagsjazz i Ski med Jan Erik Vold & John Pål Inderberg - JAZZ & POESI

Rådhusteatret i Ski, Idrettsveien 8 , 1400 Ski, Norway

Diamonds & Rust with friends
Sat, 13 Sep at 07:30 pm Diamonds & Rust with friends

Moerveien 1, 1430 Ås, Norway

Idrettens dag- Alle med dagen
Sun, 14 Sep at 12:00 pm Idrettens dag- Alle med dagen

Gamle Siggerudvei 2, Siggerud, Norway

Seniordag 15. september
Mon, 15 Sep at 10:00 am Seniordag 15. september

Smia

Foredrag med Tommy T\u00f8nsberg
Tue, 16 Sep at 06:00 pm Foredrag med Tommy Tønsberg

Follo museum

Innbyggerdag - sammen for en digitalt inkluderende kommune
Wed, 17 Sep at 04:00 pm Innbyggerdag - sammen for en digitalt inkluderende kommune

Vestby kulturkvartal

\u00c5PENT M\u00d8TE om Begeistringens hus, Breivoll
Wed, 17 Sep at 07:00 pm ÅPENT MØTE om Begeistringens hus, Breivoll

Dr Sødringsvei 8

Ås is Happening!

Never miss your favorite happenings again!

Explore Ås Events