Are Kalvø: Berre bønder lengtar heim // Bakkenteigen kulturhus

Wed Sep 10 2025 at 07:00 pm to 08:15 pm UTC+02:00

Raveien 215, 3184 Borre, Norway, 3184 Horten, Norway | Horten

Bakkenteigen Kulturhus
Publisher/HostBakkenteigen Kulturhus
Are Kalv\u00f8: Berre b\u00f8nder lengtar heim \/\/ Bakkenteigen kulturhus
Advertisement
Are Kalvø har vore komikar i ganske mange år. Han har levd i endå fleire år. Og i alle dese åra er det ein konflikt som alltid vender tilbake: By mot land.
Slike konfliktar har skapt dårlig stemning så lenge Kalvø har levd, på ulike måtar, både i Norge og i andre land: Sentrum mot utkant. Elite mot folk.
Tida er inne for å legge desse konfliktane bak oss og heller bruke tida vår på å løyse dei store problema i verden.
Tida er inne for å bygge bru mellom by og land. Og bli ferdig med dette, ein gong for alle.

Og kven er vel ein meir naturlig brubyggar enn nettopp Are Kalvø? Han har eitt bein i kvar leir. Han vaks opp på bygda, han bur i by. Han er ein storbyelskar som skriv nynorsk og snakkar dialekt. Han kan forstå og snakke med begge sider. Kanskje til og med like begge sider.
For å verkelig sette seg inn i kva slike konfliktar handlar om, har Kalvø budd i ein månad i Europas største by London, ein bråkete, forvirrande, sjølvfornøgd og altfor stor metropol i elitetenkingas heimland, og ein månad i Norges minste kommune Utsira, ei øy utan fastlandsforbindelse, med to hundre innbyggarar på ein god dag, og stort sett stiv kuling.
Han har levd med veganarar med sykkelhjelm og fiskarar med termodress, han har snakka om motor og moderne dans, han har mista ferjer og håp. Men han har klart seg. Og han har gjort det for oss.
No er han tilbake for å fortelje. Og bygge bru. Og viss ikkje det går, for å slå fast ein gong for alle: Kva er best, by eller land?
Are Kalvø har skrive og framført humor og satire på mange ulike måtar i mange år. Han har turnert kulturhus-Norge før, og liker det svært godt, med sine tre soloforestillingar «Kalvø - ein time av livet du aldri får tilbake» (Komiprisen 2015), «Toppar VG-lista» og «Hyttebok frå helvete», basert på boka med same namn, som toppa bestseljarlistene i Norge i tretti veker og er omsett til tolv språk. Han har også skrive fleire andre storseljande humorbøker, som «Syden», «Harry» og «Bibelen 2».

Are Kalvø gleder seg hemningslaust til endelig å legge ut på ein turné med stoff som faktisk handlar om absolutt alle plassane han er innom på turneen
Advertisement

Event Venue & Nearby Stays

Raveien 215, 3184 Borre, Norway, 3184 Horten, Norway, Raveien 215, 3184 Borre, Norge, Horten, Norway

Tickets

Discover more events by tags:

Comedy in HortenPerforming-arts in Horten

Sharing is Caring:

More Events in Horten

Sommerlesfest p\u00e5 Revetal bibliotek
Wed, 10 Sep at 05:00 pm Sommerlesfest på Revetal bibliotek

Regata 1A, 3174 Revetal, Norway

Folkem\u00f8te p\u00e5 Biorama
Wed, 10 Sep at 05:00 pm Folkemøte på Biorama

Rådhusgaten 11, 3080 Holmestrand, Norge

Foredrag: Sykkel i Afrika
Wed, 10 Sep at 06:00 pm Foredrag: Sykkel i Afrika

Apotekergata 10, 3187 Horten, Norway

Are Kalv\u00f8: Berre b\u00f8nder lengtar heim \/\/ Bakkenteigen kulturhus
Wed, 10 Sep at 07:00 pm Are Kalvø: Berre bønder lengtar heim // Bakkenteigen kulturhus

Raveien 215, 3184 Borre, Norway, 3184 Horten, Norway

Knut og Knut p\u00e5 Knut 10. september kl. 19:00
Wed, 10 Sep at 07:00 pm Knut og Knut på Knut 10. september kl. 19:00

Knut

Dear Mr Cohen - en hyllest til mannen, ordene & musikken
Thu, 11 Sep at 07:00 pm Dear Mr Cohen - en hyllest til mannen, ordene & musikken

Kulturhuset - Torvet i Åsgårdstrand

Jokke fyller 61 \u00e5r! \/\/ Artilleriverkstedet
Fri, 12 Sep at 06:00 pm Jokke fyller 61 år! // Artilleriverkstedet

Kommandørkaptein Klincks vei 1, 3183 Horten, Norway

Marius Gundersen med Oslo Strings \/\/ Bakkenteigen kulturhus
Fri, 12 Sep at 07:00 pm Marius Gundersen med Oslo Strings // Bakkenteigen kulturhus

Raveien 215, 3184 Borre, Norway, 3184 Horten, Norway

Markedsdag p\u00e5 Horten Handelspark
Sat, 13 Sep at 10:00 am Markedsdag på Horten Handelspark

Trimveien 41, 3188 Horten, Norway

Loppemarked
Sat, 13 Sep at 10:00 am Loppemarked

Raveien 266, 3184 Borre, 3184

Nosework cup runde 3
Sat, 13 Sep at 12:00 pm Nosework cup runde 3

HAC Bygget

Horten is Happening!

Never miss your favorite happenings again!

Explore Horten Events