Advertisement
Påmelding: https://arbeidsgiver.nav.no/kursoversikt/a16QC000000dxY5YAI6.november 2025 går den årlege Arbeidsliv og folkehelsekonferansen i Nordhordland av stabelen.
Program:
09.00: Velkomen – kvifor treng vi denne dagen?
Arngunna Haga, tenesteleiar Nav Alver
Bjarte Hysing-Olsen, fylkesdirektør Nav Vestland
09.10:
Regionen sin største ressurs – menneska som driv utviklinga framover
Lars Fjeldstad, ordførar Osterøy kommune og leiar for Regionrådet Nordhordland
09.25:
Inkludering i praksis: Kva seier forskinga, og kva kan arbeidsgjevaren gjere?
Tonje Fyhn, avdelingsleiar Velferd, arbeid og helse, Norce
10.10:
Berekraft på legekontoret. Sjukmelding, kommunikasjon og forventningar
Stefan Hjørleifsson, prosjektleiar Bærekraft på legekontoret.
10.40:
Kommunikasjon i sjukefråværsoppfølginga og bruk av oppfølgingsplan
Linda Brakvatne, rådgjevar sjukefråvær, Nav Alver
11.00: Pause
11.15:
Kanskje vurdere å gjøre noe som verkar? Intervensjonar som hjelper. Langtidssjukemelde tilbake i jobb
Gerd Kvale, professor og og dagleg leiar SafeChoice Clinic & Research
Eirik Søfteland, medisinsk ansvarleg SafeChoice Clinic & Research
11.45:
Arbeidstilsynet sitt samfunnsoppdrag – kva gir det av resultat?
Evy Dale, senirorrådgjevar, Arbeidstilsynet
12.15: Lunsj
13.00:
“Læring i Næring”, koplar lokal ungdom til lokale bedriftar
Vivian Kårbø, prosjektleiar kompetanse i Nordhordland og leiar av prosjektet «Læring i Næring», Nordhordland Næringslag
Ane Bysheim, leiar for Jobbmot kompetansesenter for ungdom og arbeid
13.20:
Kvifor har Fedje kommune lukkast i flyktningearbeidet sitt?
Anita Villanger, leiar for Familiens hus Fedje
13.40:Kvifor sitte inne når alt håp er ute?
Linn Johannessen Wergeland, Første Steg, Nav Alver
Elin Skråmestø Hinriksson, Første Steg, Nav Alver
Morten Franzten, aktivitetsleiar Kvernbit kajakk
14.15:
«Best i lag» fokus på partssamarbeid i Alver kommune
Linn Kolstad, fagansvarleg HMS og prosjektleiar for Prosjektleder for «Best i lag», Alver kommune
Anne Kjersti Aasheim, IA- rådgjevar ved Nav arbeidslivssenter Vestland, avdeling Nordhordland
14.35:
Kunst og kultur - berøre, begeistre og byggje opp
Frode Skag Storheim, pianist og kulturformidler
15.15:
Oppsummering og takk for i dag
Beate Korsøen, dagleg leiar Nordhordland Næringslag
INFORMAJON OM ARRANGEMENTET:
Arbeidskraftbehovet i næringslivet og eit aukande utanforskap er hovudtema på konferansen. Kva skal til for å løyse dette gapet? Sjukefråværet må ned, fleire arbeidstakarar må stå lengre i arbeidslivet og vi må få til eit betre samarbeid for å få fleire inn i arbeidslivet.
Bedriftsleiarar og Hr-personell kjem, fastlegar kjem, Arbeidstilsynet kjem, Norce kjem, ordførarar og tilsette i kommunane kjem, Nav kjem og mange fleire, kjem du?
NAV region Nordhordland, NAV arbeidslivssenter, Nordhordland Næringslag, Helse Bergen, Hordaland Legeforening og Region Nordhordland IKS, inviterer for fjerde år på rad til konferanse. Me vonar på nok ein fullteikna konferanse.
Konferansen finn stad på Region Nordhordland helsehus, Kunnskapssenteret, 6.etasje (blokk A)
Deltakaravgift kr 400,- pr. deltakar. Faktura vert sendt ved utløp av påmeldingsfrist. Det vert servert lunsj.
Velkommen til ein spennande dag med gode foredrag, praksisdømer og samtaler!
Advertisement
Event Venue & Nearby Stays
Kvassnesvegen 40, 5914 Knarvik, Norway, Kvassnesvegen 40, 5914 Isdalstø, Norge, Bergen, Norway