Advertisement
Endeleg er det tid for ny konsert med Ane Brun, Fieh og Kork! Utekonserten i fjor blei brått avlyst pga sterk vind. I år er alle musikantene godt beskytta av dei tjukke veggane i Oslo Konserthus.Ane Brun er kjend for dei fleste, med den fantastiske stemma og songar som både fengjer og loddar djupt. Ho har også vist tidlegare at ho kler orkesterformatet, i samarbeid med både Kork og andre orkester.
Den andre artisten er ein heil gjeng. Fieh er eit stort band (åtte personar) med Sofie Tollefsbøl i front. Med blandinga av funk, soul og andre rytmiske musikkstilar har dei tatt publikum i både Noreg og resten av verda med storm. No får dei følgje av eit enda større band for å løfte taket i Konserthuset.
Ane Brun
Fieh
Kringkastingsorkestret
Erik Arvinder, dirigent
Advertisement
Event Venue & Nearby Stays
Oslo Konserthus, Munkedamsveien 14,Oslo, Norway
Tickets