Advertisement
Når STOREFØSS (bandet, altså) ein sjeldan gong møtast for å øve, håpar alle i bandet at øvinga skal bli komplett. «Komplett øving» inneheld ein heil del bæring, kaffi og litt bakst, ei passe lang bråkeøkt, og bandmøte til morgonlyset tek oss. Når STOREFØSS fyrst skal invitere til eigen konsert, og DU er invitert, må den også vere komplett - så...
VELKOMEN TIL KOMPLETT KONSERT, måndag 29. desember – i Øystre Slidre
DEL 1:
FAMILIEKONSERT MED STOREFØSS i Ungdomens kulturhus Gapahuken på Tingvang. Dørene opnar kl.18.00, og alle er invitert. Bandfruene serverer kaffi, raud saft og kringle - sponsa av MONTER STOREFOSS, medan foreldra våre held vakt (rusfritt arrangement). Vi har ambisjonar om å selje litt merch.
DEL 2:
Frå kl. 20.30 er dei som vil (som melder seg på og som løyser billett) velkomne til MEET AND GREET med bandet og KVISS med kvisskongen BJØRN «BJØLLA» HERMUNDSTAD i Skyttarhuset ved Moane.
Dette er eit lukka lag, utan servering, der du tek med det du treng for å ha det kjekt ei god stund utover natta.
Påmelding til [email protected] innan kl.15.00, 29.12.25.
Billettar til arrangementet løysast i døra (VIPPS) – kr. 125 per snute / kr. 300 per familie.
For å få den komplette konsertkjensla, anbefaler vi at de blir med på alt – inkludert rydding og bæring i Gapahuken før vi stikk på Skyttarhuset.
Helsing STOREFØSS-FAMILIEN
Advertisement
Event Venue & Nearby Stays
Ungdomens kulturhus Gapahuken, Bygdinvegen 1983, 2940 Heggenes, Norge, Lillehammer, Norway
Concerts, fests, parties, meetups - all the happenings, one place.









