Advertisement
Antikvarbokhandlar Arne-Ivar Kjerland held føredrag om presten, diktaren og salmeskalden Anders Hovden (1860-1943). Han tek for seg mannen og forfattarskapen, nøkkelromanen Odd, det fjerde bodet og elles dei sentrale emna som Hovden dikta kring. Mangfaldet, folketalaren, salmediktinga og ikkje minst venskapen med Per Sivle får me høyra meir om.
I 2025 er det hundre år sidan Nynorsk salmebok (redigert av Hovden, Hognestad og Støylen) kom ut. Kjerland, som er fødd i Granvin i 1952, er vel kjend i Vestmannalaget frå før, og har vitja laget vårt fleire gonger, sist i fjor saman med spelemannen Knut Hamre, då dei to tok for seg «Hardingfela i litteraturen».
Gratis.
Arrangør: Vestmannalaget
Advertisement
Event Venue & Nearby Stays
Østre Skostredet 5-7, 5017 Bergen, Norway, Østre Skostredet 5, 5017 Bergen, Norge,Bergen, Hordaland, Norway