Advertisement
Hausten er tid for sanking, hausting og jakt. Bli med på ein kjekk aktivitetsdag der du lærer om det hausten gir oss på Sunnmøre. I verkstaden kan du lage smykke av ull frå norsk spelsau, trykke fine potettrykk og vere med på teiknekonkurranse. Inne i utstillinga blir du med på eventyrstund, og jaktar på den forsvunne poteta. Ute på Steinalderhomen varmar du deg med kakao, og spikker din eigen kakaopinne.
Naturvernforbundet hjelper deg å spikre fuglekasser og Soppkontrollen viser fram og fortel om dei mange gode og rare soppane vi finn i skogen – også om dei farlege.
Ruskever er inga hindring. Fleire av aktivitetane er innomhus, men kle deg godt så kan du vere ute i det fine tunet også!
Inngang:
Vaksen kr 120
Barn (3-18 år) kr 30
Ledsager gratis
Foto: Viti
Advertisement
Event Venue & Nearby Stays
Sunnmøre museum, Museumsvegen 1, 6015 Ålesund, Norge, Ålesund, Norway
Tickets