Advertisement
Agora Kulturkafé kan i samarbeide med Fossegløtt Kulturscene ønske velkommen til en lun januarkveld på Humbar, med legendariske Chet Baker-låter, fyr på peisen og vedkubb-knitrende nynorske tekst-oversettelser! Her er det bare å fylle opp lokalet, og nyte en feelgood-jazzkveld! https://www.ringbillett.no/ai.aspx?id=2492
Hva kan sies om band og repertoar?
Chet Baker si stemme og trompet definerte cooljazzen.
Men korleis let forteljingane hans på vårt eige morsmål?
Baker Hansen har sidan 2010 leita etter svaret på dette i språk og samspel, basert på musikken som Chet Baker spelte.
Jazzklassikarane er tidlause og velkjente, men teksten er omarbeidd til norsk og framført på dialekt av vokalist Sigurd Rotvik Tunestveit frå Ål i Hallingdal. På «eige mål» kjem musikken og innhaldet brått nærare på oss, som publikum på godt over 200 konserter i Noreg og Sverige kan fortelje om.
Baker Hansen har gjeve ut tre album med Chet på norsk, «Ei som deg» (2014), «Gamle Daga» (2016) og «Live i Oslo med John Pål Inderberg» (2019), sistnemnte resultatet av eit samarbeid over fleire år med ein av Noregs fremste sax-nestorar.
I 2024 kom den etterlengta fjerdeplata, som har fått tittelen "Ein song som liknar oss".
Kombinasjonen av kjente melodiar i norsk språkdrakt, konsertar fulle av kollektivt liv og leik i eit velspelande ensemble fører til øyreopnande opplevingar langt utover den hardbarka jazz-lyttarkrinsen, og me har nådd ut til begeistra publikum over heile landet frå intime kafear til konserthus og store festivalar gjennom utstrakt turnéverksemd.
Sigurd R. Tunestveit - vokal og gjendikting
Erling Skorpen - trompet
Kjetil Jerve - piano
Stian Andersen - bass
Tore Flatjord - trommer
Agora Kulturkafé støttes av Norsk Kulturråd, og Ringerike kommune, Kultur.
Advertisement
Event Venue & Nearby Stays
Humbar, Nordre torv 2, 3513 Hønefoss, Norge, Hønefoss, Norway
Tickets
Concerts, fests, parties, meetups - all the happenings, one place.







