Advertisement
Arrangementet er opent og gratis for alle (NB - påmelding naudsynt - følg lenkja)OBS - dette arrangementet vil bli oppdatert med fleire detaljar.
Stad: Een gard
Adresse: Ænsmoen 64, Voss
Tid: 25. februar klokka 17-20
Mat inkludert
---------------
Velkomen til KRAFT-arrangement i regi av Hordaland Bonde- og Småbrukarlag og Voss Bonde- og Småbrukarlag!
KRAFT handlar om praktisk kompetansedeling mellom bønder. Vi vitjar ulike gardsbruk og bedrifter som finn nye vegar til lønsemd i landbruket.
Under Lønahorgi på Voss driv Silje og Rodrigo Een gard, ein familiegard som har vore drifta i generasjonar. Dei driv økologisk og regenerativt med kjøtproduksjon av grasfôra vestlandsk fjordfe, og dei siste åra har dei óg starta med produksjon av eigne hudpleieprodukt basert på talgen frå dyra.
Denne kvelden får vi høyra om deira erfaringar og korleis dei på ein innovativ måte har styrka verdiskapinga frå garden basert på eigne ressursar.
Det vert servert mat og kaffi.
God høve til å stilla spørsmål.
Velkomen!
Arrangementet er støtta av Vestland fylkeskommune.
Advertisement
Event Venue & Nearby Stays
Een gard, Ænsmoen 64, 5710 Skulestadmo, Norge, Voss, Norway
Tickets
Concerts, fests, parties, meetups - all the happenings, one place.






