Advertisement
Årsmøte 2025Tid: onsdag 12. mars, klokka 19:00.
Stad: Vestnes bibliotek
Vanlege årsmøtesaker. Innkomne forslag må vere styret i hende seinast 26. februar.
Etter årsmøtet:
Mads Langnes held foredraget: «Tun og teigblanding. Innmarksutskiftingane i Vestnes og Romsdal på 1800-talet.»
Fram til om lag 100 år sidan såg mange norske gardsbruk ganske annleise ut enn dei gjer i våre dagar: Bruka kunne ligge tett saman i klyngetun, og inn- og utmarka til var oppdelte i eit utal små og store teigar. På 1800-talet byrja utskiftingane som løyste opp desse ordningane – eit omfattande og dramatisk «hamskifte» av den norske landsbygda.
Få, om nokon, veit meir om dette spanande emnet enn førstekonservator ved Romsdalsmuseet, Dr. Mads Langnes. Vi er glade for å invitere han til Vestnes!
Kjem du berre til foredraget? Møt opp til klokka 20:00.
Enkel servering. Fri inngang. Vel møtt!
Advertisement
Event Venue & Nearby Stays
Vestnes bibliotek, Brugata 6, 6390 Vestnes, Norge,Vikebukt, More Og Romsdal, Norway, Molde