Advertisement
Vi ryddar Hovudscenen og slepper til ein ambisiøs og heiltent gjeng elevar som har blitt kåra til årets skolerevy.Kvart år legg hundrevis av skoleelevar ned hundrevis av timar for å lage den aller beste revyen. Ei stor gruppe dedikerte elevar set alt anna på pause, for å gi publikum eit show dei seint vil gløyme. Det er beinhardt arbeid, blodslit, skyhøge ambisjonar og masse engasjement.
Vinnaren av Årets skolerevy blir presentert på Revykavalkaden. Drygt to veker seinare kan du oppleve den på Hovudscenen på Det Norske Teatret.
Lang og stolt historie
Skolerevyen er ein institusjon i Oslo, med ei historie som strekker seg heilt tilbake til 1922. Det har vore ein talentfabrikk og arena for rekruttering av scenekunstnarar, komikarar og kulturarbeidarar. Skolerevyen engasjerer ungdom frå store delar av Austlandet, og den slår eit slag for lagspel og fellesskap.
Revykavalkaden har i meir enn 30 år jobba for å styrke skolerevymiljøet i Oslo og omegn. Det Norske Teatret heiar på ung kreativitet, talent og entusiasme, og er stolt samarbeidspartnar med Revykavalkaden.
Advertisement
Event Venue & Nearby Stays
Kristian IV’s gt.8, 0164 Oslo, Norway, Kristian IV's gate 8, 0164 Oslo, Norge,Oslo, Norway
Tickets