Advertisement
Velkommen til konsert i dei nye lokala til Saras mat i Ryfoss! Ettermiddag–18:00: Mogleg å starte kvelden med middag hjå Sara. Bestill direkte til Sara seinast dagen før! 409 63 351. Meny og anna finn du her: https://www.facebook.com/profile.php?id=100057442158278.
18-1930: høve for å kjøpe kaffe, drikke og anna biteti før konserten!
19:30 – 21:00 «Etter ferdasvegen» – konsert med Geir Marius Thorud og Øystein Rudi. 290 kr (Vipps eller kontant i døra)
21–23: Prat, mat og kanskje meir musikk? Høve for å både øl, kaffi og biteti for den som ynskjer det.
Konserten er et samarbeid mellom Valdreskvelven spel- og dansarlag, Saras mat og spelemennene sjølv.
Om konserten:
Spelmenn har alltid reist. Ein lyt vera der publikum er. Og der impulsar finst.
For snart 200 år sidan var Fel-Jakup som gutunge med i følgjet til Karl Fant i to heile år. Låtar og spelmannskunne vart utveksla mellom folk og distrikt.
Rett opp for garden til Øystein, på austsida av Gudbrandsdalen, heiter det Rørosvadet. Det var der lasskjørarane vada over elva på tur til Røros. Før jernbanen si tid var lasskøyringa storindustri, og meir enn 1000 lass gjekk aust over fjellet kvar vinter. Til Røros kom også svenske forbønder, og spelmenn møttest frå båe kantar. I nyare tid er denne tradisjonen teke opp att, og Røros er stadig sentrum for byte av slåttar mellom spelemenn frå ulike
kantar.
«Du må rese nå…..» Det var diktaren Johan Falkberget som sa dette til den unge Sven Nyhus. Og Sven reiste, skaffa seg kunnskap, og han reiste sitt monument over Rørosmusikken.
Sjølve har vi fått vera spelmenn etter ferdasvegen i årevis, og denne skiva blir til i glede over kjenskap og venskap med spelmenn vidt omkring. Det har gjort våre spelmannsliv meir
innhaldsrike. Musikken kjenner ikkje riksgrenser, og å reise utvidar horisonten.
Vi håper du får ei god stund med spelmannsmusikk etter ferdasvegen. Låtar til dans og låtar til å høyre på. Usigeleg vakre mollstemte polskor i gyngande samspel – har du opplevd det gløymer du det aldri!
Helsing Geir Marius Thorud og Øystein Rudi
Om spelmennene
Geir Marius Thorud er spelmann og tradisjonsbærar, gardsarbeider, allsidig handverkar og hestekøyrar. Han spelar med mange, og som sosial allspelar både på torader, trekkspel og
kontrabass har han kompisar i musikk over heile Norden. Midtvinters har han i mange år vore med når Fron Lasskøyrarlag tek turen, 11 dagar gjennom Rondane og Østerdalen til
Røros med hest og slede. Trekkspelet er med på lasset da også.
Øystein Rudi er spelmann og kulturgardbrukar på Rudi Gard, med arrangement og levande kulturformidling som hovudsyssel. Han var med i ungdomsgjengen som vart til Sør-Fron Spelemannslag sist på 1970-talet, og var leiar laget frå 1985 til 1995. Han har vunne Landskappleiken tre gonger, og har fire Spellemannsprisar i lag med gode spelkompisar. I seks år var han direktør for Gudbrandsdalsmusea, ved sida av musikk og gardsdrift.
Advertisement
Event Venue & Nearby Stays
Sara's mat, Ryfossvegen 104, 2973 Ryfoss, Norge, Ryfossvegen 104, 2973 Ryfoss, Norge, Lillehammer, Norway
Concerts, fests, parties, meetups - all the happenings, one place.











